Totalt sidan smitteutbrotet blei oppdaga er det påvist 44 smittetilfelle med hurtigtest, av desse er det 39 som er bekrefta med PCR. Dei nye smittetilfella er som forventa og har tilknyting til Lærdalsøyri skule.

Sjølv om tal nye smitta har ein synkande trend, er det svært viktig at alle følgjer smittevernråda, og at ein framleis prøver å avgrense den sosiale kontakten også dei neste dagane.

 

Desse råda gjeld framleis og inntil vidare:

  • Innandørs arrangement for barn i barneskolealder kan gå som planlagt, men barn med symptom og barn i familiar som har smitte, må vere heime
  • Utendørs arrangement kan gå som normalt
  • Barn eller voksne med sjuke familiemedlemmer bør ikke ta imot eller reise på besøk til andre familier.
  • Personar med sjukdom i husstanden bør ikkje reise på arrangement som samler folk innendørs.
  • Unngå trengsel og bruk munnbind når du ikkje klarer meteren. Det gjeld også i biler og busser.
  • Vær nøye med håndhygiene.
  • Sjuke personer i ein familie bør holde seg for seg sjølv og beskytte resten av familien mot smitte.
  • Vær nøye på hånd og dråpesmittehygiene. Også i heimen.
  • Bruk munnbind viss du kjem for tett på folk. Ha alltid eit munnbind i lomma.
  • Bruk munnbind ved besøk på sjukeheimen og på venterommet på Helsesenteret.

Kommunen oppdaterer smittesituasjonen dagleg på heimesida.

Mediekontakt er ordførar Audun Mo, mobilnr. 992 05 006.