Det blei påvist eit nytt smittetilfelle i går i tilknyting til familie der det er smitte frå før. Status for tal smitta sidan utbrotet blei oppdaga er 45, og av desse er 41 bekrefta med PCR.
Det er viktig å presisere at dei fleste av dei som har vore smitte av Covid 19 no er ute av isolasjon. og at dei nye smittetilfella som er komen til siste veka, er som forventa.
Lærdal kommune ønskjer elles å minne om at dei råda som er gitt om smittevern reglane, framleis er gjeldande.