Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Informasjon om koronaviruset

Lærdal kommune tilbyr ikkje Janssen-vaksina

Med bakgrunn i anbefalingane frå Folkehelseinstituttet (FHI) og Legeforeningen er legane i Lærdal kommune einige om å ikkje tilby Janssen-vaksinen på legesenteret.

6353626_4787725

Status koronavaksinasjon pr 11.06

Alle over 65 år er no kalla inn og  me held no på med dei resterande i risikogruppene under 65 år. Her er det mellom 70 og 80 personar att. Desse vil få innkalling i løpet av dei komande vekene. Det vil kome melding når me er ferdig med innkalling av denne gruppa. Dersom det er nokon i risikogruppa som då ikkje er kalla inn, må desse ta kontakt med legekontoret.

korona

Koronavaksinering av studentar

Til deg som studerar i utlandet, eller skal starte studiar i utlandet til hausten.

vaksine_studenter

Status koronavaksinasjon i Lærdal kommune 04.06.21

Alle over 65 år har no fått time til vaksinering. Desse vil verte vaksinert innan kort tid. No byrjar me å kalle inndei som er att i risikogruppene, resten av helsepersonell, personar i samfunnskritiske jobbar og alle de andre under 65 år som ynskjer vaksiner.

koronavaksinering

Status koronavaksinasjon 28.05.21

Det er framleis nokre få over 65 år som ikkje er kalla inn til vaksinering. Det same gjeld dykk som er under 65 år og er i risikogruppa. De vil få innkalling så fort me får inn fleire vaksiner. 
I veke 23 er me komne ned i aldersgruppa -56 og det er då under 10 att i aldersgruppa 65 + som skal få innkalling til vaksinering. 

Einingsleiar Mari Klingenberg beskriv status for koronavaksinasjon i Lærdal kommune