Årdal kommune - lokale retningsliner for motorferdsel i utmark

 

Utfyllande retningsliner for bruk av snøscooter og helikopter i Årdal kommune i høve nasjonal
forskrift for bruk av motorkøyrety i utmark og på islagte vassdrag §§3,5 og 6 er vedteke i kommunestyre 26.11.2009.
 
Formålet med Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag av 10.juni 1977 nr 82, er å regulere motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremma trivsel, jmf lova sin § 1. Etter lova sin § 3 er motorferdsel forbode, om ikkje anna er bestemt av lova eller vedtak medheimel i lova. Kommunestyre kan gje utfyllande retningsliner for motorferdsel i eigen kommune.
Heimel for å fastsetje retningsliner for bruk av motorkøyretøy på vinterføre i utmark, er gjeve i Forskrift for bruk av motorkøyrety i utmark og på islagte vassdrag §§ 3,2.ledd og 7. Heimel for å fastsetja retningsliner for landing med helikopter og sjøfly i utmark etter søknad, er gjeve i Lov om motorferdsel i utmark § 5. Bruk av motorkøyretøy på bar mark utanfor veg (t.d. ATV), er regulert av forskrifta § 2.

Kontakt oss

LÆRDAL KOMMUNE
Postboks 83, 6886 Lærdal
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Kommunenr. 1422
Opningstider 08:00 - 15:45 (sommartid 08:00 - 15:00)
Tlf: 57641200
Faks: 57641201
Org.nr.: 954 681 890

Web levert av CustomPublish AS