Lærdal og Borgund kan vise til kulturminne og busetting gjennom 3500 år. Mange av kulturminna frå førhistorisk tid som er synlege på overflata, er knytt til religion og gravlegging. Mellom anna gjeld dette gravrøyser og gravhaugar, likhellerar og skålgropsteinar.
Vidare finn ein også busettingsspor både frå steinalder og mellomalder. Hovudsakleg er dette spor etter bygningar, stolpehold, veggvollar, eldstader, skålgropsteinar og steingjenstander. Som knutepunkt mellom aust og vest har dalen vore viktig frå vikingtida og fram til i dag. Den viktigaste og mest nytta ferdselsvegen mellom Bergen og Oslo har alltid gått gjennom Lærdal. Dette vitnar i dag fire parallelle vegar frå ulike tidsepokar om. Dei mange historiske vegane er både nasjonale turistattraksjonar og gode turvegar. I det spennande kulturlandskapet rundt Borgund Stavkyrkje ligg Sverrestigen, Vindhellavegen, Seltåsen og Galdanevegen. Mellom Kyrkjestølen på Filefjell og Maristova går 15 km av den gamle Kongevegen mellom Austlandet og Vestlandet.
Borgund stavkyrkje er bygd kring år 1180. Kyrkja er svært godt bevart, og er den mest særmerkte av dei 28 norske stavkyrkjene. Norsk Villakssenter gir innsyn i livshistoria til Atlanterhavslaksen og tradisjonane kring laksefisket gjennom observatorium, utstillingar, gripande film om villaksen, videofilmar om laksefiske og flugebindarverkstad.
Frønningen er ein veglaus idyll ved Sognefjorden. Godset på Frønningen har vore i privat eige i mange hundre år. Kunstmålaren Knut Rumohr (1916-2002) sine samlingar.
Husmannsplassen Galdane går attende til 1600-talet. Dei fem bygningane på plassen er restaurerte og om sommaren er det ein husmann på plassen som held kulturlandskapet i hevd.
Kunstmålaren Hans Gjesme (1904 - 1994) sine arbeid er permanent utstilt i andre etasje i det gamle Telegrafbygget på Lærdalsøyri. I same bygget finn ein og Telemuseum og Postmuseum.
Gamle Lærdalsøyri har bygningsmiljø frå 1700-1800 talet. 161 verna bygningar. Eit sjeldsyn på Vestlandet.
Link til meir informasjon om attraksjonar i Lærdal Kommune