Avlingsskade – tørke

Beitelandskap

Husdyra våre treng beite og fôr frå grøne marker.

Grunna lite nedbør den siste tida er det forventa vesentleg lågare avlingar der det ikkje er tilgang på kunstig vatning.

Landbrukskontoret har alt motteke mange melding om reduserte grasavlingar.
Alle som forventar avlingsskade grunna turke, må melder dette inn til kommunen snarast.

Situasjonen er alvorleg for mange, og det er no viktig at det vert sett inn tiltak for å avhjelpe den oppståtte situasjonen.

Felles Landbrukskontor ÅLA oppfordrar alle som kan bidra med dyrking av grovfôr om å gjer dette , samt å stille ledige beiteareal eller anna areal til disposisjon for husdyrbrukarane.

Landbrukskontoret kan vidareformidle dersom du kan bidra.

Nasjonale myndigheiter har innført tiltak mot følgene av tørke og avlingssvikt. Dei kan du lese om her

Det vert fortløpande informasjon om avlingssvikt, fôrmangel og erstatning på Landbruksdirektoratet sine sider.

Landbrukskontoret  kjem og tilbake med informasjon etter kvart, og me tek sikte på å ha informasjonsmøte om situasjonen i siste halvdel av august.
 

Har du spørsmål lokalt, ta kontakt med kommunen på telefon 57641200 eller landbrukssjef Magnhild Aspevik på telefon 47486550
e-post: post@laerdal.kommune.no

Tips en venn Skriv ut