Kvifor er insekta viktige? 
Alle artar har verdi i seg sjølv og har sin funksjon i økosystemet. Dei gjev oss menneske viktige teneste som polinatorar for ( ved pollinering av)  bær, frukt og alle typer vekstar i landbruket. Dei er sjølve mat for andre insekt, fuglar og dyr. Dei er basisen i økosystema våre. Visste du at i Noreg er det påvist over 200 artar av ville bier? Der 35 artar av humler er rekna med, samt over 170 ulike artar av villbier. Desse ville pollinatorane er ofte meir effektive enn honningbiene.
  
For langt mellom matstasjonane!
I dag er det slik at det kan verta for langt mellom «matstasjonane» med gode urter for insekta våre. Ved å gje insekta fleire stoppestader å henta næring i, over store areal, vert livsvilkåra betre. 
Difor ynskjer no Lærdal kommune å utsette slåinga på nokre areal for å ta vare på blomane som veks her.

Naturmangfald – meir enn eit spørsmål om stygt eller fint
Me vert no utfordra til å vekta omsyna til oss sjølve og behovet me kan ha for å ha det vakkert, ryddig og kortklipt, og å ta vare på livsgrunnlaget hjå dei artane me bur saman med. No er det slik at det allereie er fleire flekkar å sjå i hagar, der plenen har måttet vike for prestekragar eller andre ville plantar som kjem opp av seg sjølve. Dette er i tråd med prinsipp uttalt i engelsk hagekunst, der naturmangfald er anerkjend: Every garden should have a wild corner. 

Ta gjerne kontakt med oss, om du har innspel eller synspunkt til dette prøveprosjektet.