Mange born er ute på sykkel og sparkesykkel – til barnehage, skule og på fritida. Born er impulsive, og ser ikkje at farlege situasjonar kan oppstå når dei ferdast ute eller skal krysse ein veg.  Mange born kan ikkje reglane for sykkel og sparkesykkel/el-sparkesykkel, og forstår ikkje trafikkbilete slik som oss vaksne. Fleire vaksne opplever farlege situasjonar i trafikken i møte mellom bil og sykkel/sparkesykkel.

Me oppfordrar alle til ein samtale heime om korleis me skal ferdast trygt i trafikken.  Born bør ha god kunnskap om korleis dei skal ferdast trygt og etter trafikkreglane, før dei skal ut i trafikken på eiga hand.

Her finn de inspirasjon til ein samtale/opplæring om bruk av el-sparkesykkel: https://www.tryggtrafikk.no/el-sparkesykkel/

Her finn de inspirasjon til ein samtale/opplæring om bruk av sykkel: https://www.tryggtrafikk.no/trygg-og-sikker-sykling/de-viktigste-sykkelreglene/

Med ønskje om ein fin haust - hugs å bruke refleks i mørket og lys på sykkelen.