Byggesak

Dersom du skal bygge nytt, bygge om, føre opp tilbygg, reparera, riva, grave eller utføra andre tiltak på eigedomen din, er det alltid greit om du tek kontakt med kommunen, v/plan- og byggesaksavdelingen. Då kan du få avklara kva reglar som gjeld og kva skjema som skal fyllast ut for ditt tiltak.

 
Byggetiltak vert delt inn i tre kategoriar:
 
1.     Byggetiltak som krev søknad. Les meir her.
2.     Byggetiltak som krev søknad, utan ansvarsrett. Les meir her
3.     Byggetiltak som er unnateke søknadsplikt. Les meir her.
 
Nødvendige skjema for byggesøknad kan du få ved å venda deg til Plan- og byggesaksavdelingen.
Du kan og få tilgang til skjema elektronisk ved å klikke på link til elektroniske byggeblanketter i pdf.
 
Eldstader.

Installasjon av ny eldstad i eksisterande bygning og øvrige tiltak på ein allereie installert eldstad, er unnateke søknadsplikt, dersom arbeidet vert kontrollert av kvalifisert kontrollør. Kvalifisert kontrollør kan være feiar, murmeister, varmeforhandlar eller andre med tilstrekkeleg kompetanse. Det er ikkje krav om at kontrolløren må ha sentral eller lokal godkjenning. Det er tiltakshavar som er ansvarleg overfor kommunen for at kontrolløren er kvalifisert til å gjennomføra kontrollen og har også ansvaret for at eldstaden er i samsvar med regelverket. Kontrolløren har ikkje noko ansvar overfor kommunen.

 

Web levert av CustomPublish AS