|
Jeriko kommune i Palestina er vennskapskommunen til Lærdal. Den første kontakten mellom Jeriko og Lærdal blei gjort i 1997, og under Lærdalsmarknaden i 1998 vart det underskrive ein avtale av dei to ordførarane.
Vennskapsarbeidet blir no drive av organisasjonen Vennskap Jeriko-Lærdal, som vart stifta 6. april 2000. To av styremedlemene er innvalde frå kommunen, dei tre andre frå medlemsorganisasjonen.
Les meir om samarbeidet på heimesida til Vennskap Jeriko-Lærdal.

Ordførarane Abed Al-Karim Sidr og Hans A. Tønjum skriv under avtalen i Kvammegården under Lærdals- marknaden 20. juni 1998.
|
|
Sist oppdatert torsdag 10. juni 2010 13:46 |