Dagtilbod for heimebuande med demens

 

Tilbodet er for deg som har fått ein demensdiagnose, eller det føreligg ein mistanke om demens.

Ved dagtilbodet vil du treffe andre menneskjer med dei same utfordringane. Å møte andre i same situasjon, kan ofte gjere kvardagen enklare for deg sjølv og dine næraste.

Dagtilbodet er tilrettelagd slik at du skal få ein meiningsfylt kvardag med sosialt samvere, og oppleve meistring gjennom deltaking i ulike aktivitetar i trygge omgjevnader.

Å vere i aktivitet syner seg å ha ein god helsemessig vinst!

Målsetjinga er å gje eit tilbod på dagtid som kan føre til auka livskvalitet og mogelegheit for den demensråka å bli buande heime lengst mogeleg. Samt vere ein avlastning og støttespelar for pårørande.

Opningstider: tysdag og torsdag frå 08.00 til 15.00

For spørsmål om tilbodet kan du ta kontakt med demenskoordinator.

 

Demenskoordinator:

Ein demenskoordinator skal fungere som bindeledd mellom personar med demens og deira pårørande, og dei ulike delane av tenesteapparatet.

Det er eit lågterskeltilbod, som vil sei at alle som har behov kan ta kontakt med demenskoordinator dersom dei treng råd og rettleiing i samband med demens.

Demenskoordinator skal arbeide for å sikre gode tenester til den demensråka og deira pårørande gjennom å tilby:

  • samtalar og rettleiing
  • heimebesøk og oppfølging
  • ha oversikt over ulike tilbod kommunen har til personar med demens
  • ha tett samarbeid med heimetenestene, tildelingskontor, fastlegane og Lærdal bu og omsorgsheim

I tillegg arbeider demenskoordinator med å sikre at helsepersonell i tenesta får rettleiing og undervisning om demens. Samt arrangere pårørandeskule og temakveldar kring demes.

Kontaktinformasjon til demenskoordinator:

Toril Tørvi Grøthe

Tlf: 91 36 06 33

Mail: toril.torvi@laerdal.kommune.no

 

Hukommelseteam:

Hukommelseteam er eit team sett saman av ulike yrkesgrupper i kommunehelsetenesta som samarbeider kring utredning og oppfølging av personar med demens.

I Noreg er det kommunehelsetenesta som har ansvaret for utredning og diagnostisering, samt tilby oppfølging gjennom heile sjukdomsperioden. I særskilte tilfeller vert også spesialisthelsetenesta kopla inn.

Hukommelseteamet i Lærdal består av demenskoordinator, sjukepleiar ved heimetenestene og vernepleiar frå Lærdal bu og omsorgsheim. I tillegg samarbeider vi med fastlegane i kommunen.

Ved mistanke om demens vil fastlegen/sjukeheimslegen ha ansvaret for å føreta ein medisinsk utredning og diagnostisering, samt behandling av demenssjukdommen go eventuelle somatiske eller psykiatriske tilleggsproblem.

Hukommelseteamet har ansvar for å kartlegge funksjonsevne, heimesituasjon og eventuelle hjelpebehov til pasient og pårørande. I mange tilfeller kan og hukommelseteamet føreta den kognitive testinga som fastlegen brukar som grunnlag for å stille diagnosen.

Gode nettsider for deg som ynskjer meir informasjon om demens:

  • www.aldringoghelse.no/demens
  • www.nasjonalforeningen.no

 

 

 

Tips en venn Skriv ut