Daudt hjortevilt - meld i frå!

Hjortebukk

No er våren her for fullt. Vinter og tidleg vår er vanlegvis tøffe tider for hjortedyra våre. Det er grunn til å tru at denne vinteren har vore snill, men nokre dyr har likevel truleg ikkje klart seg. Når sola og våren kjem, er folk meir ute og sjansen er til stades for å finna daude dyr.

Om de finn daudt hjortevilt vil me gjerne ha melding om dette! Då vert kadavera registrert og det vert teke prøve for skrantesjuke.  
Flott om de kan melda ifrå om funn til knut.fredrik.oei@laerdal.kommune.no  anten på e-post eller på telefon 930 59 637.

Tips en venn Skriv ut