Det finaste juletreet finn du i Lærdal

Dagfinn Wendelbo

Det er ekstra glans over juletrea produsert hjå Dagfinn Wendelbo på Rå i Lærdal. Eit av trea han har dyrka fram, vart nyleg kåra til Norges flottaste juletre. Lærdal kommune gratulera med den gjeve prisen.

-Eg tykjer det er viktig at me er opptekne av det naturlege juletreet og ikkje plukkar fram eit plastikk tre når jula kjem, seier Dagfinn.

Wendelbo er etter kvart ein erfarne juletreprodusent, og det synest i juletreskogen på Rå. Her står det fine tre på rekke og rad, ikkje lett for kundane å finna seg eit tre, for alle er like fine og velfriserte.

Tips en venn Skriv ut