Detaljreguleringsplan for Muggeteigen - utlegging til offentleg ettersyn og høyring

Formannskapet vedtok 25.08.2016 å leggja Detaljreguleringsplan for Muggeteigen med tilhøyrande konsekvensutgreiing ut til offentleg ettersyn.  Planen femnar om deler av eigedommane gnr 46, bnr 1 på Muggeteigen ved Bermålsviki i Lærdal kommune.  Planområdet er på om lag 180 daa. Masseuttaket vil femne om eit areal på om lag 75 daa.
Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for betring av tilhøva for skogbruket samt uttak av stein som skal nyttast som byggjeråstoff. Venta uttaksvolum i terrassert steinuttak er på 185.000 m2, medan det maksimale innanfor området sett av til steinbrot/masseuttak er på 800.000 m3.

Planframlegget vert liggjande til offentleg ettersyn i perioden 21.10-01.12.16, og fristen for innspel er sett til 01.12.16. 

Plandokumenta er å finna på kommunen sine heimesider og i papirform på Rådhuset.  Innspel til planarbeidet skal sendast til Lærdal kommune v/Planavdelinga, pb. 83,
6886 Lærdal.

Planområde
Reguleringsføresegner
Risiko- og sårbarheitsanalyse
Plankart
Geografisk kartlegging
Naturtilhøve
Skredfarevurdering
Støyberekning

 

Tips en venn Skriv ut