Bookbites e-bøker

Med appen Bookbites får du tilgang til e-bøker og e-lydbøker på nettbrettet eller telefonen din. For å bruke tenesta treng du nasjonalt lånekort og pinkode. 

Brukarrettleiing

Hjelpevideo

Pressreader 

Med appen "PressReader" kan du lese aviser og tidsskrifter frå meir enn 100 land på nettbrett, smarttelefon eller pc. Les dei på biblioteket sine pc'er, eller last dei ned til eiget nettbrett eller smarttelefon og ta med deg heim. For å laste ned avisene må du vere kobla på biblioteket sin wifi.

Filmbib

Filmbib er ein streamingteneste for norsk kort- og dokumentarfilm. Den er gratis å bruke, men du trenger nasjonalt lånekort og pinkode for å få tilgang. Du kan laste ned appen Filmbib eller sjå direkte på www.filmbib.no.

Verdensbiblioteket

På Verdensbiblioteket finn du e-bøker for vaksne og barn på arabisk, bosnisk, kroatisk, serbisk, persisk, somali, tigrinja og tyrkisk. Det er også eit lite utvalg lydbøker på arabisk og persisk. Verdensbiblioteket er gratis å bruke og opent for alle i Norge, så lenge du besøker sida frå ei norsk IP-adresse.

Bokhylla (Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek)

500.000 digitaliserte norske bøker frå år 2000 og bakover, 30.000 tidsskrifter, 250.000 bilder og over 2 milloner aviser. Det meste av tenesta er ope for alle norske IP-adresser. På biblioteket vil du få tilgang til fleire bøker og aviser som er nyare enn år 2000.

Prøv også tenesten Spør Nasjonalbiblioteket. Her kan du hjelp og rettleiing til å finne det som fins i Nasjonalbiblioteket si samling. 

Søk i biblioteket

Søk i Lærdal folkebibliotek si mediesamling. Her kan du søke opp kva bøker filmar og lydbøker biblioteket har, du kan også reservere dei slik at dei står klare til henting når du kjem på biblioteket. På denne sida kan du også administrere låna dine og forlenge det du har lånt.

Bibsøk

Biblioteksøk er ei felles søketeneste for biblioteka i heile landet. Her kan du søke og bestille bøker me ikkje har på Lærdal folkebibliotek. Bøkene vert sendt til Lærdal med transport ein gong i veka. Du får beskjed frå biblioteket når boka har komme inn og er klar for henting. Du kan også velge å hente boka på eit anna bibliotek.For å bruke tenesta må du ha nasjonalt lånekort og pinkode.

Litteraturtips

Fleire bibliotek tilbyr litteraturtips gjennom bloggar, podcastar og video. Her finn du nokre av dei:

Lærdal folkebibliotek sin podcast - podcast med boktips og intervju frå Lærdal folkebibliotek

Bergen bibliotek BOBcast - podkastar frå arrangement som er gjennomført på Bergen off. bibliotek

Bergen bibliotek BOBtv - video frå arrangement som er gjennomført på Bergen off. bibliotek

Litteraturbloggen på Deichman - Deichmanske bibliotek sin litteraturblogg. Lesetips, forfattarintervju og artiklar om bøker og litteratur

Bokanbefalinger - boktips frå bibliotekarar i heile landet

Nasjonalbiblioteket sin podcastserie, Gamle greier - podcast om overraskande historiar og heftige liv basert på funn i nasjonalbiblioteket sitt arkiv.

Nasjonalbiblioteket sine arrangement - sjå opptak av tidligare arrangement på Nasjonalbiblioteket

Litteraturhuset hjemme i stua - streamer forfattarmøter og foredrag 

 

Tips til born og ungdom

Billedbokhylla - Billedbøker frå Nasjonalbiblioteket sin samling

Bokslukerprisen - bokpris for elevar på mellomtrinnet

Uprisen - bokomtalar av ungdom, for ungdom

tXt-aksjonen - utdrag frå ungdomsbøker

Litteraturhuset hjemme i stua - streamer forfattarmøter og foredrag