Eigarseksjonering

Eigarseksjonering

Omtale
Seksjonering er oppdeling av bygningar i eigarseksjonar. Ein eigarseksjon er ein sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein eller fleire bustader eller andre brukseiningar på eigedomen (eigarseksjonslova § 1).

Ved seksjonering opprettar ein eit sameige i bebygd eigedom. Sameiget omfattar heile eigedomen med all bygningsmasse. Den einskilde seksjon har bruksrett til eit bruksareal og heimel til ein andel av eigedomen. Etter seksjonering er kvar seksjon eit eige rettsobjekt og kan omsetjast og belånast uavhengig av resten av sameiget.
 
Vilkår
I prinsippet kan all bebygd eigedom der bygnaden består av fleire bustader/husvære eller andre brukseiningar seksjonerast. Seksjonering høver for oppdeling av bustadblokker, horisontaldelte to- og firemannsbustader, næringsbygg i fleire etasjar med forskjellige brukarar av etasjane eller liknande.
Reseksjonering vil seie endringar som blir gjort etter at den første seksjoneringen er gjennomført; til dømes ei ytterlegare oppdeling eller samanslåing av seksjonar.
Tips en venn Skriv ut