Smittekjelda vurderast å vere utanfor kommunen og smittesporinga held fram.

Nærkontaktane er identifisert. Desse er kontakta, bede om å gå i karantene og vil bli testa i dag.

Vidare sporing vil vere avhengig av resultatet av desse testane.

Risikoen for eit utbrot vurderast førebels som låg. Smittetilfella har ikkje samanheng med utbrotet i Årdal kommune.