Ergoterapitenesta i Lærdal kommune

 

Praktiske opplysingar

Ergoterapitenesta består av: Ergoterapeut Kristin Munkejord i 60% stilling.
Jobbar 60 prosent i kommunen og 40 prosent i Helse Førde.

Dagar i kommunen: måndag, tirsdag og fredag

Adresse: Øyraplassen 8, 6887 Lærdal

 

Tlf: 458 73 180

kristin.munkejord@laerdal.kommune.no

Føremålet med tenesta

er å sikre moglegheiter for aktivitet og deltaking for alle, uavhengig av alder, livsfase og funksjon, gjennom tilrettelegging av omgivnadane og tiltak for den enkelte i barnehage, skule, arbeidsplass eller heim.  Tenesta inngår som ein del av kommunens tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod.

 

Ergoterapeutar skal i eit samarbeid med brukar kome fram til tiltak og løysingar. Det handlar om å ta i bruk eigne ressursar for å meistre eigen kvardag, og på denne måten bli mest mogleg sjølvhjulpen og deltakande i eige liv.  

 

Ergoterapeuten kan bidra med:

  • Trening i og tilrettelegging av daglege aktivitetar for å betre fungering i kvardagen.

  • Fallførebygging og tilrettelegging i høve å bu lengst mogleg i eigen heim.

  • Formidling og tilpassing av hjelpemiddel i samarbeid med NAV hjelpemiddelsentral. (Gjeld også spesialtilpassa bil gjennom Bilsenter Vest)

  • Vurdering og kartlegging av ADL-funksjon.

  • Delta i tverrfagleg samarbeid og ansvarsgrupper ved behov.

  • Råd og rettleiing i høve bustadtilpassing, samt universell utforming av offentlege bygg og uteområde. Bistår med å søkje tilskot frå Husbanken.

  • Habilitering og rehabilitering, uavhengig av alder og diagnose, ved ergonomiske tiltak og hjelpemiddel 

Kven får tenesta?

  • Du kan få tilbod om ergoterapi i høve førebyggjande helsearbeid, eller ved behandling/rehabilitering av skade/sjukdom som har ført til nedsett funksjon.

  • Brukar eller pårørande kan sjølve ta direkte kontakt eller det kan sendast tilvising frå fysioterapeut, heimetenesta, lege, sjukehus eller andre.

Kva kan du forvente av ergoterapeuten:

  • At du blir møtt med respekt.

  • At teieplikta vert helden.

  • At tilvisingar vert prioriterte etter tenesta sin prioriteringsnøkkel.

  • At du får eit fagleg forsvarleg tilbod i høve dei oppgåver som skal løysast.

Brukar forpliktar seg til å

  • gi beskjed om avtalar må endrast pga ferie, høgtider, innlegging på sjukehus o.l., samt dersom behovet endrar seg.

  • vise gjensidig respekt.

 

Pris/kostnad/tilskotsordningar

  • Tenesta er gratis

Heimelsgrunnlag for tenesta:

  • Lov om helse- og omsorgstenester i kommunane av 01.01.12,

  • Lov om pasientrettar,

  • Lov om helsepersonell,

  • Lov om folketrygd, og

  • Forvaltningslova.

Klage

  • Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med tenesteutøvinga, kan du sende skriftleg klage til kommunen eller tenesteytaren. Klagen må seie noko om kva du er misnøgd med og evt. ynskjer av endringar.

 

TILVISINGSSKJEMA PDF document ODT document

 

Tips en venn Skriv ut