Snus- og røykesluttkurs

Sigaretter

Frisklivssentralen i Lærdal har fått førespurnad om å halde tobakksfrikurs. For å gjennomføre dette må me ha fleire deltakarar og vil ha kontakt med deg som er motivert til å slutte å røyke eller snuse.

På kurset vil du få høve til rettleiing frå tilsette ved Fristlivssentralen i tillegg til at du får dele erfaringar og hente støtte frå andre i same situasjon. Vil DU slutte, send ein SMS til 900 35 954 så tek me kontakt. Planen er å arrangere eit kurs på nyåret.

Håpar me høyrer frå deg!

Helsing Iris og Kristin, Frisklivssentralen i Lærdal

 

Tips en venn Skriv ut