Fagdag om pollinering

Morellblomst

Samarbeidsgruppa for Utvalt kulturlandskap (UKL) - Lærdal, Lærdal kommune og Fylkesmannen i Vestland inviterer alle interesserte til fagdag og markvandring med tema pollinering
Stad og tid: Tinghall på Tønjum 12. juni kl 18.00

Satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å vareta kulturlandskapet. Dette er et samarbeid og spleiselag mellom landbruks- og miljøstyresmaktene. Satsinga er basert på frivillig samarbeid mellom staten og grunneigarane. I UKL Lærdal er det oppretta ei lokal samarbeidsgruppe med representantar frå ulike organisasjonar i området. 

Pollinerande insekt er eit aktuelt tema for landbruket og kulturlandskapet då dei fleste av artane vi dyrkar til mat og dyrefôr er avhengige av hjelp til pollinering. Under fagdagen vert det føredrag av birøktar Marco Neven om pollinerande insekt si betydning for landbruksproduksjonar, natur- og kulturlandskap og deling av resultat frå samarbeidsprosjektet PolliVest. Det vert òg vert besøk i bringebær- og morellhagen til Andres Voll Eltun ved Tønjum kyrkje der han delar av sine erfaringar.

Stad
Oppmøte i Tinghall på Tønjum
Det vert og besøk i bringebær- og morellhagen til Andres Eltun ved Tønjum kyrkje
Program:
Velkomen og informasjon om UKL-Lærdal 
Pollinerande insekt sin betyding for landbruksproduksjonar, natur- og kulturlandskapet v. birøktar Marco Neven
Prosjekt PolliVest – samarbeid mellom birøkt og frukt- og bærprodusentane på vestlandet v. Marco Neven
Anders Eltun deler sine erfaringar med bruk av bikubar under pollineringa 
Enkel servering
Fagdagen og markvandringa vert arrangert i regi av Samarbeidsgruppa for Utvalt kulturlandskap - Lærdal, Lærdal kommune og Fylkesmannen i Vestland. 
 
Alle interesserte er velkomne!


Kontakt
Trude Knagenhjelm
Landbruksavdelinga, Fylkesmannen i Vestland
Tlf. 91556522
E-post: fmsftkn@fylkesmannen.no   
 

Tips en venn Skriv ut