Feltkontrollørkurs og slaktekurs våren 2018

Hjort i skogen Foto: Golf

Påmelding til kursa skjer på e-post til knut.fredrik.oei@laerdal.kommune.no med frist 10. april. Det er avgrensa plass på desse kursa, og me veit av erfaring at det er rift om å koma med. Så ikkje nøl, men hiv dykk med og bli enda betre slaktarar!

Det er Norsk Hjortesenter på Svanøy i samarbeid med Lund hjort som vil halda kursa.

Feltkontrollørkurs fredag 20. april klokka 0900-1600 på Villakssenteret i Lærdal

Her er det plass til 20 deltakarar. Info om kurset finn du her:
http://www.hjortesenteret.no/feltkontrollor/
Kurset er i utgangspunktet forbeholdt jegerar frå Årdal, Lærdal og Aurland. Pris ca 1500 kr, avhengig av tal deltakarar.


Slaktekurs 21. april klokka 1000-1600 på Lund Hjort i Lærdal

Her er det plass til 10 deltakarar. Prisen ca 1000 kr, avhenging av tal deltakarar. Info om kurset finn du her:
http://www.hjortesenteret.no/kurs-i-slakting/

Hvis det vert fullt på slaktekurs laurdag 21. april, arrangerer me tilsvarande kurs også sundag 22. april

 

Tips en venn Skriv ut