Korleis finne planar i Sognekart

Sognekart.no er ein nettstad med kart over Sogn. En kan velja mellom ulike karttypar som blant anna grunnkart, flyfoto og planar.  I planregisteret til Lærdal kan du finne dei fleste gjeldande reguleringsplanar og nokre utbyggingsplanar.  Nokon av planane frå 2009 og 2010 manglar, i tillegg til alle kommunedelplanane, men desse vert lagt inn snart.  Reguleringsplanar/kommunedelplanar som ligg ute til offentleg ettersyn, finn du på heimesida til Lærdal kommune under Plansaker og Planar på høyring.

Du finn Sognekart.no ved å trykke på denne linken:

http://www.sognekart.no/gislinewebinnsyn_sognekart/

 

Det er to måtar å finne fram til reguleringsplanar i Sognekart.no:

1. Under Velg karttype, vel du Regulerings-/Bebyggelses-planer.  Zoom inn i kartet i det området du er interessert i, så skal siste gjeldande plan komme fram.  Trykk på i(informasjon), og deretter på området i kartet, så kan du få fram pdf-filer av plankart, vedtak, tekst og føresegner til utskrift.                                                                                                                                                        

Bilde av Sognekart.no

2. Under Velg karttype, vel du Regulerings-/Bebyggelses-planer. Under Velg søk vel du Reguleringsplaner. Gjer så dei vala som er vist på bilde nr. 2.  Til høgre i menybildet, finn du ved kvar plan tre ikon.  Ved å trykke på desse, kan du få fram ulik informasjon, som pdf-filer av plankart, vedtak, plantekst og føresegner til utskrift.

Bilde nr. 2 av Sognekart.no

Kontakt oss

LÆRDAL KOMMUNE
Postboks 83, 6886 Lærdal
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Kommunenr. 1422
Opningstider 08:00 - 15:45 (sommartid 08:00 - 15:00)
Tlf: 57641200
Faks: 57641201
Org.nr.: 954 681 890

Web levert av CustomPublish AS