Flagget til topps for pris til Kongevegen over Filefjell

Prismottakarar- Kongevegen

Kongevegen over Filefjell har motteke prisen EU Prize for Cultural Heritage / Europa Nostra Awards for 2017 i kategorien "Conservation" - bevaring.

Måndag 15. mai var ein delegasjon frå Lærdal kommune, Vang kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Oppland fylkeskommune og Statens Vegvesen på plass i Finland for å ta imot prisen. Prisen vart utdelt av presidenten i Europa Nostra, Placido Domingo.

Kongevegen var ein av sju vinnarar som vart trekt ut til ein ekstra pris - Grand Prix-pris. I tillegg kom den vakre Kongevegen på 2. plass i publikumsprisen.

EU Kommisjonen og Europa Nostra har i dag offentliggjort vinnarane av EUs Kulturminnepriser/Europa Nostra pris for 2017, Europas mest prestisjetunge utmerkinga innanfor kulturminnesektoren. Kongevegen over Filefjell er ein av to norske vinnere.

Lærdal kommune stod saman med Vang kommune, Statens vegvesen, Oppland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune bak søknaden til Europa Nostra.

Det er 29 prisvinnarar frå 18 land som har fått denne erkjenninga for sine eksemplariske resultat innanfor bevaring, forsking, spesiell innsats og utdanning, trening og bevisstgjering, heiter det i grunngjevinga.

Kongevegen over Filefjell er heidra i kategorien «bevaring», mens Norsk Fyrhistorisk Forening er heidra i kategorien «spesiell innsats».

Juryar som består av spesialistar har vurdert til saman 202 prosjekt, innsendt frå organisasjonar og enkeltpersonar frå 39 ulike land over heile Europa og plukka ut vinnarane.

Årets vinnarar av EUs kulturminneprisar/Europa Nostra Awards 2017 vil bli feira under ein høg profilert hending leia i fellesskap av EUs kommissær Navracsics og Maestro Placido Domingo om kvelden 15. mai i St. Michaelkirken i Turku (Åbo) Finland. Den europeiske pristildelingsseremonien vil samle nærare 1.200 deltakarar frå heile Europa.

Kongevegen over Filefjell vart bygd som den fyrste køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet på 1700-talet. Strekninga mellom Vang og Lærdal over Filefjell byr etter eit mangeårig restaureringsprosjekt på ein 10 mil lang og spektakulær vandreoppleving.

«Dette kombinerte kultur- og landskapsprosjektet er av høgste kvalitet og har hatt eit stort fokus på best muleg praksis i gjennomføringa», sa juryen.

Prisen har i tillegg gavna prisvinnarane gjennom større (inter)nasjonal synlegheit, oppfølgande finansiering og større besøkstal. I tillegg har prisane løfta publikum si bevisstheit rundt vår felles kulturarv og europeiske karakter. Prisen er derfor et viktig reiskap i arbeidet for å fremme Europas kulturarv.

Les meir om Kongevegen her

 

Tips en venn Skriv ut