Alle flyktningar som blir busett etter avtale med IMDi, har opphaldsløyve i Norge.
IMDi sender kvart år eit brev om oppmoding av flyktningar til kommunen
Det er kommunestyret i Lærdal som tek endeleg avgjersle på tal flyktningar som kommunen ønskjer å busetje
Flyktningtenesta har ansvar for tilrettelegging og gjennomføring av busetjing og kvalifisering gjennom introduksjonsprogrammet
 

Busetting og oppfølging



Flyktningen/familien får oppfølging og praktisk bistand i startfasen. Vidare får dei rettleiing om helse, økonomi, bustad og deltaking i arbeids- og samfunnsliv. Arbeidet krev koordinering med andre instansar som til dømes helsestasjon og vaksenopplæringa. Flyktningtenesta samarbeider i tillegg med Kultur og frivillige organisasjonar. Døme på det er flyktningguide gjennom Raude Kros og leksehjelp gjennom Frivilligsentralen.  



Introduksjonsprogram



Nykomne flyktningar mellom 18 og 55 år skal delta i introduksjonsprogram i kommunen dei er busett i. Målet er at dei skal lære seg norsk og få god kunnskap om norsk samfunns- og arbeidsliv og på den måten bli integrert og sjølvstendig. Programmet skal utformast etter individuelle behov og kan vare frå 6 månadar til 4 år, og inneheld blant anna opplæring i norsk, samfunnsfag og arbeids- eller utdanningsretta tiltak.
IMDi si brosjyre «Velkommen til introduksjonsprogrammet» er på fleire språk.   


Flyktningtenesta tilbyr:


•   Kartlegging og oppfølging
•    Busetting og bu-rettleiing
•    Bidra til utdanning, kvalifisering og framtidig arbeid
•    Fatte vedtak om introduksjonsordning og økonomisk stønad
•    Bidra til integrering og inkludering av flyktningar i kommunen
•    Samordning og tverrfagleg samarbeid i kommunen
•    Arbeid med ekstern og intern informasjon
•    Kontakt med myndigheitene (bl.a. IMDi, UDI, Bufetat)
•    Kontakt med arbeidsgjevarar/næringslivet i høve til å få språkpraksis