Folkemøter om planarbeid i Hanseskogen og Saltkjelen

I samband med at det er starta planarbeid for Hanseskogen bustadfelt (fortetting og utviding) vert det arrangert ope informasjonsmøte  måndag 12.08.19 kl. 19 i kommunestyresalen på rådhuset. Det vert her informert om planarbeidet og høve til å stille spørsmål og koma med munnlege innspel.

I samband med at framlegg til reguleringsplan for utviding av Saltkjelen bustadfelt er lagt ut til offentleg ettersyn, vert det arrangert ope informasjonsmøte tysdag 13.08.19 kl. 19 i Ljosheim på Ljøsne.  Det vert her informert om planarbeidet, løysingane som er laga, og det vert høve til å stille spørsmål og koma med munnlege innspel.

Tips en venn Skriv ut