Forbod - åpen eld/bålbrenning og grilling i Lærdal kommune

Bål  og kaffekanne

Brannsjefen i Lærdal kjem med ny melding:

Det er forbod mot bruk av open eld i Lærdal kommune.

Forbodet gjeld også bruk av grill og bålpanne. Det er framleis lov å bruke grill i eigen hage, men her må ein ta førehandsreglar for å unngå at elden spreier seg. Her bør ein ha husbrannslange, handslukkar eller bøtter med vatn i beredskap.

Forbodet vert gjeldande til det er kome naudsynt nedbør, slik at brannfaren er redusert til eit akseptabelt nivå.

Det må alltid søkast om løyve til bålbrenning  i tida 15. april -15. septemer, det kan gjevast tillatelse frå kommunen ved brannsjefen dersom forholda tilseier det. Lærdal kommune oppmodar alle til å slå gras på eigedomar/ubebygde tomter osv.

Brannsjefen.

Tips en venn Skriv ut