Frisk framtid i Lærdal

Yngvar

– Inspirasjonskveld med Yngvar Anderse

Lærdal kommune inviterer til inspirasjonskveld i høve førebygging, habilitering og rehabilitering. Me vil arrangere ein kveld der med ønskjer å gi tilsette og innbyggarar i Lærdal kommune inspirasjon på fagområdet.

Arrangementet finn stad på Lærdal kulturhus torsdag 28. november. Dagen startar med middag for alle frå kl 15.30 og held fram med program og diskusjon fram til kl 20.00.

Kvelden startar med middag, etterfylgt av eit sprekt innlegg frå Yngvar som er ei eldsjel innan kvardagsaktivitet og folkehelse; « friske innbyggarar er vårt nye oljefond».  Etter eit inspirerande innlegg  ønskjer me å høyre frå deg om kva du tenker er viktige faktorar for ei frisk framtid i Lærdal.

Kvelden er gratis for alle innbyggarar i Lærdal kommune. 

Me håpar å få møte representantar frå lag og organisasjonar, ungdom, vaksne og elles alle som tenkjer at dette kan vere ein interessant kveld. Ta med deg naboen og kom!

Påmelding innan 17.11.19. Fyll ut dette enkle påmeldingsskjemaet: https://forms.gle/9P25ut6uxM6pXUUQ9
eller på SMS eller epost til 91 70 23 91 (tlf) / 
vivian.kvam@laerdal.kommune.no (e-post)

PROGRAM:

15.30 – 16.30 -  Middag (i kafeen) 
16.30 – 20.00 – Fagkveld med Yngvar Andersen (i kultursalen)

Tips en venn Skriv ut