Frisklivsentralen


Frisklivssentralen er ein helsefremjande og førebyggjande kommunal helseteneste. Målgruppa er deg som har auka risiko for, eller som har utvikla sjukdom og treng støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar. 

Frisklivssentralen skal gi kunnskapsbasert hjelp til fysisk aktivitet, kosthald og snus- og røykeslutt gjennom eit strukturert oppfølgingstilbod. Vi tilbyr individuell rettleiing, motivasjonssamtale og gruppetilbod innan desse områda.

Frisklivssentralen samarbeidar og har oversikt over og kjennskap til offentlige, frivillige og private tilbod og tenester i kommunen og i spesialisthelsetenesta. Deltakarar leiast videre til desse når dette er aktuelt. Målet er at du vert i stand til å halde fram med eigen aktivitet eller delta i andre lokale tilbod etter deltaking på frisklivssentralen.
Tenesta er heilt gratis, med unntak av ei liten eigenandel på nokre kurs. Ein treng ikkje å ha ei diagnose eller vere sjuk for å kunne delta på frisklivvsentralen sine tilbod. 


Tilbod ved Lærdal frisklivssentral:

Ein frisklivsresept varar i seks månadar og startar med ein motiverande samtale der ein ser på moglegheitar og mål for perioden. Med ein frisklivsresept kan ein delta på aktivitet og arrangement i regi av frisklivssentralen.

Per i dag har vi sirkeltrening, bassengtrening og stavgang som aktivitetstilbod. BraMat-kurs, røykjesluttkurs og andre aktuelle kurs vil verte planlagt og satt opp etter behov. 


Kven kan delta på frisklivssentralen?

Personar i yrkesaktiv alder som har auka risiko for, eller alt har utvikla livsstilsjukdomar eller andre lidingar, som kan ha nytte av fysisk aktivitet, kosthaldsrettleiing og/eller hjelp til røykjeslutt kan delta på frisklivssentralen. Det kan også vere aktuelt å gi hjelp til familiar. Ein treng som sagt ikkje vere sjuk eller ha ei diagnose for å ta kontakt. Lege, anna helsepersonell eller NAV kan tilvise deltakarar til frisklivssentralen, men ein kan óg kontakte oss på eige initiativ. 

Kontaktinformasjon:

Telefon: 900 35 954

 

Kristin Munkejord

Frisklivsrettleiar/ergoterapeut

kristin.munkejord@laerdal.kommune.no

 

Iris Blaaflat

Frisklivsrettleiar/fysioterapeut

iris.blaaflat@laerdal.kommune.no

 

 

 

 

 

 


 

 

Tips en venn Skriv ut