Lærdal frisklivssentral er eit kommunalt helsetilbod som tilbyr hjelp til å endre levevanar innan fysisk aktivitet, kosthald og snus- og røykeslutt. Du treng ikkje å ha ein diagnose eller vere sjuk for å delta på Frisklivssentralen. 

Personar i alle aldrar som ynskjer ei livsstilsendring eller som kan ha helsemessig nytte av auka fysisk aktivitet, endra kosthald og/eller snus- og røykeslutt kan delta. Me vil motivere og hjelpe deg på vegen mot betre fysisk form, auka sjølvopplevd helse og betre livskvalitet gjennom individuell rettleiing, gruppebaserte tilbod og kurs. 

Du kan ta kontakt på eige initiativ, eller bli tilvist via lege, NAV eller anna helsepersonell.

Følg Frisklivssentralen på Facebook 

Kontaktinformasjon:
Telefon: 900 35 954

Kristin Munkejord
Frisklivsrettleiar/ergoterapeut
Epost 

Iris Blaaflat
Frisklivsrettleiar/fysioterapeut
Epost