Fysioterapitenesta i Lærdal

Fysioterapitenesta i Lærdal består av 2 kommunale fysioterapeuter som held til på Lærdal helsesenter.

Arbeidstid : måndag-torsdag 08.00-15.15 fredag 08.00-15.00

Kommunen har og knytta til seg ein privat fysioterapeut som får driftstilskot frå Lærdal kommune.

Henri Henell Øyraplassen 8, Pb 75, 6886 Lærdal Mobil 92 28 61 56

Føremål med tenesta

Fysioterapi kan gis både for å førebyggje og behandle sjukdom eller skade.I den kommunale fysioterapitenesten er fysioterapeutenenten ansatt i kommunen eller har driftsavtale med kommunen. Tenesten er ein del av kommunens tverrfaglige- og rehabiliteringstilbud, og tilbodet gjeld og sjukeheim.

Kven får tenesta

Kommunen skal syte for naudsynt helseteneste for alle som bur eller har mellombels opphald i kommunen, også fysioterapi.
Fysioterapeuten hjelper til med søking på hjelpemiddel ved behov.

Korleis få tenesta

Lege tilviser til fysikalsk behandling, som må vera av vesentleg betydning for sjukdom og funksjonsevne. Ei tilvising gjeld for inntil 24 behandlingar, eventuelt 6 mnd etter at lege har skrive ut tilvisning.

Kva omfattar tenesta

Folketrygda gjev støtte til å dekka utlegg til undersøking og behandling hjå alle fysioterapeutane i Lærdal kommune. Det er faste takstar for stønad, alt etter diagnose og behandlingsform.Dette vert bestemt ut frå forskrift om stønad til fysioterapi.

Når ting ikkje fungerer

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misfornøyd med utførelsen av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misfornøyd med, eller kva du ynskjer endra.

Pris

Folketrygda gjev støtte til å dekka utlegg til undersøking og behandling hjå alle fysioterapeutane i Lærdal kommune. Det er faste takstar for stønad, alt etter diagnose og behandlingsform. Dette vert bestemt ut frå forskrift om stønad til fysioterapi.

Kontakt oss

LÆRDAL KOMMUNE
Postboks 83, 6886 Lærdal
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Kommunenr. 1422
Opningstider 08:00 - 15:45 (sommartid 08:00 - 15:00)
Tlf: 57641200
Faks: 57641201
Org.nr.: 954 681 890

Web levert av CustomPublish AS