Galleri og museum

Den gamle telegrafbygningen i Lærdal sentrum
Denne store, klassiske trebygningen frå 1840-åra ligg midt på Lærdalsøyri. Huset vart overteke av Lærdal kommune frå Telenor, då opplysningstenesta flytta over i nye lokale. Ein føresetnad for overtakinga var at ei avdeling av telemuseet skulle få plass der. Etterkvart har heile huset vorte teke i bruk til kulturelle føremål. I tillegg til telemuseum finn ein postmuseum og kunstgalleri.

Norsk Telemuseum Lærdal
Lærdal si telegraf- og telehistorie strekker seg attende til 1858. Norsk telemuseum si avdeling i Lærdal syner glimt frå ei spennande teknologisk utvikling. Stor innsats av lokale eldsjeler har gjort sitt til at Lærdal i juni 1997 kunne opne si eiga avdeling av telemuseet. 

Postmuseet Lærdal
Ein av grunnane til at Lærdal i si tid vart valt som filial, er at bygda er eit posthistorisk bindeledd mellom sjø og land. Det vert difor også fokusert på temaet "Frå fjord til fjell" i utstillingane. Gjennom fotografi og illustrasjonar i store format, tekstar, gjenstandar, modellar og lydkulisser vert tilskodaren teke med på ei kort reise i temaet. Ein annan grunn for stadvalet er at Lærdal ei tid var hovudpostkontor på Vestlandet, med om lag 90 postopneri underlagt. Museumsfilialen opna i november 2000. 

 

Tips en venn Skriv ut