Gamlevegen i Galdane vert filmkulisse

Statens vegvesen

Det danske selskapet Nordisk Film Spring er på besøk i Sogn og skal spela inn vilscenar på Fv 630 i Galdane

Frå søndag 3. til tysdag 5. november vert gamle fylkesveg 630 i Galdane i Lærdalsdalen omgjord til filmsett for innspeling av bilscener til den danske filmen «Vildmænd». 

Vegen er vinterstengd, og er allereie sperra med bom i begge retningar. 

Mellom bommane blir det bilkøyring midt i vegbana, og det blir rigga til ei fingert trafikkulukke. Heile vegbana kjem difor til å bli stengd i innspelingsdagane, og det vert umogeleg for andre å ta seg forbi og inn til filmsettet. Dette gjeld også turgåarar og syklistar, fortel Lina Flint, produsent i Nordisk Film Spring.

Dansk komedie 
"Vildmænd" er ein komedie, med m.a. Sofie Gråbøl og Bjørn Sundquist på rollelista, og blir spela inn i kommunane Aurland og Lærdal. I ein dryg månad, mellom 21. oktober og 28. november, forsøker filmteamet på rundt 30 personar å flytta seg mest mogeleg usynleg rundt. 

Me prøver å vera effektive og lite synlege for folk, slik at me er minst mogleg til hinder, forklarer Flint. 
T
Teamet har base i Aurland, og skal gjera opptak på fleire lokasjonar i området. 

Viser fram årstidene i Noreg

Håvard Nesbø, som har vore location-ansvarleg for innspelinga, meiner eldre og vinterstengde vegar kan eigna seg godt som filmsett. Han trekkjer fram reklameverdien i å visa fram alle årstider i Norge.

Nordisk Film sine opptak vil vera med på å syna fram området i ei tid på året då turistsesongen er låg, seier han.

Om filmen blir å sjå på norske kinoar er ikkje avgjort, men han blir truleg tilgjengeleg på nettet, og Nesbø meiner det er naturleg at han blir sett opp også her i Noreg. 

Men dato er uvisst endå. Om alt går som planlagd blir det premiere i Danmark neste haust.

 

Tips en venn Skriv ut