Geir Berge Øverland gjer comeback i Lærdal kommune


Geir Berge Øverland er tilsett i 20% stillig ved helsesenteret i Lærdal. Tilsettinga er i fyrste omgang for eit år. Øverland vil få ansvar for å rettleie nye legar og turnuskandidat.
Han vil i liten grad ta imot pasientar. For nettopp å støtte og rettleie nye legar har det vore viktig å få på plass ein meir erfaren lege ved helsesenteret i ein periode der erfarne legar har slutta eller er ute av anna årsak. Vi er derfor glad for at Øverland med sin solide erfaring vil vere med på laget, i ein periode vi også skal rekruttere nye legar til Lærdal, seier kommunalsjef Arne Johansen.

Ved tilsettinga av Øverland og Breidablikk i vikariat har vi fått på plass to viktige funksjonar. I og med at vi no skal starte jobben med å etablere kvalitetssystem, vi skal forbetre arbeidsprosessar og sist men ikkje minst viktig, vi skal tilby nye legar som vil kome til Lærdal god rettleiing og fagleg støtte avsluttar Johansen.

 

Tips en venn Skriv ut