Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Kommunenr. 1422
Opningstider 08:00 - 15:45 (sommartid 08:00 - 15:00)
GJESMEKVELD I LÆRDAL
Her kjem gladmeldinga til alle lærdøler og andre som lenge har sett fram til å oppleva lærdalsmålaren Hans Gjesme i si eiga "storstove". Torsdagskvelden vil fotograf Jens Hauge visa måleri av Hans Gjesme og formidla si oppleving av den særeigne kunstmålaren som budde på Voll i Lærdal. Jens Hauge kjende Gjesme personleg, og få kjenner Gjesmekunsten betre enn han, så dette blir ei hending å sjå fram til både for kunstinteresserte og andre.
Etter ein pause med kaffi og noko attåt har Hallvard Trohaug omvising i Gjesmeutstillinga i Sogn Kunstsenter. Trohaug er kunsthistorikar og har også arbeidd mykje med Gjesmesamlinga, så dette blir det andre høgdepunktet denne kvelden. Både Hauge og Trohaug sit i interimstyret til Lærdal Kunstlag, som står som arrangør for Gjesmekvelden.
Seinare i vår kan vi gle oss til ei ny og enno større utstilling med Gjesmemåleri i Sogn Kunstsenter. Den utstillinga opnar 1. april.
Publisert: mandag 6. februar 2012, 13:18
Oppdatert: mandag 6. februar 2012, 13:32
Skrevet av: Britt Sanden
