Gode skiløyper på Filefjell

 

    

 

Filefjell Løypelag melder om gode skiløyper på Filefjell. Etter at løypelaget fekk opparbeid den nye traseen mellom Brusestølen og Buhaugane, er det no samanhengande skiløyper frå Gramstølen og fram til fylkesgrensa mot Oppland. Der møter våre skiløyper, løypenettet i Vang.

Løypene vert køyrt 1 – 2 gonger pr. helg og etter behov i ferieveker. I dårleg vær vert løypene ikkje køyrt. I godt vær kan du no gå ein flott tur rundt heile Filefjell. Startar du t.d. på Fillestølen kan du gå via Buhaugane, Brusestølen og heim til Gramstølen. Frå Gramstølen går du opp mot fjellet og fram til Sulebu, derfrå kan du gå skiløypa ned mot skiheisen og så attende mot Fillestølen. Denne turen Filefjell rundt vert om lag 40 km lang.

Skiløypene både på vår side av fjellet og på valdressida er tilknytt nettstaden www.skisporet.no

Trykk på kartet over løypa og du får opp detaljert kart over løypene våre. På kartet er det, ved bruk av fargar, også mogeleg å sjå når løypa sist er køyrd. Løypemaskinene har GPS og når dei er i bruk vil du sjå det på kartet.

 Me ønskjer alle ein flott skitur i tidsrette løyper!

 

 Kart over løypene les du her

 

Styret i Filefjell Løypelag

Kontakt oss

LÆRDAL KOMMUNE
Postboks 83, 6886 Lærdal
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Kommunenr. 1422
Opningstider 08:00 - 15:45 (sommartid 08:00 - 15:00)
Tlf: 57641200
Faks: 57641201
Org.nr.: 954 681 890

Web levert av CustomPublish AS