Grensejustering

Grensejustering

Omtale
Ei grensejustering vil seie at det kan overførast mindre område mellom to eller fleire matrikkeleiningar (eigedommar) som har felles grense. Ei grensejustering krev at ein held ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle matrikkeleiningane blir klarlagde og beskrivne. Grensejustering kan ikkje nyttast ved godkjend deling av eigedom etter plan- og bygningslova.

Vilkår
Arealet for dei involverte matrikkeleiningane kan aukast eller reduserast med inntil 5 % målt mot den minste matrikkeleininga, men maksimalt 500 kvadratmeter. Uansett kan ei matrikkeleining likevel ikkje avgje meir enn 20 % av det som var arealet før justeringa. Verdien på matrikkeleininga kan ikkje reduserast med meir enn 1 G (G = grunnbeløp i folketrygda).
Grensejusteringa må ikkje vere i strid med konsesjonslova, jordlova § 12 eller rettsleg bindande planar etter plan- og bygningslova.
 
Vedlegg
· Skriftleg samtykke frå registrerte grunneigarar og registrerte festarar som grensejusteringa har noko å seie for.
· Arealrekneskap for involverte eigedommar og overførte areal, og eventuelt tidlegare grensejusteringar.
· Dokument frå kommunen som viser at grensejusteringa ikkje fører til deling av driftseining (jf. jordlova).
· Pårekna verdi for involverte eigedommar.
 
Handsamingstid
Når krav om grensejustering er motteke, skal kommunen ferdigbehandle saka (medrekna å fullføre matrikkelføringa) innan 16 veker dersom ikkje annan frist er avtalt.
 
Høve til å klage
Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller melding om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på grensejusteringa. Du sender klagen til kommunen, som òg kan gje rettleiing. Dersom kommunen lar avgjerda stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Tips en venn Skriv ut