Kommunedelplan for klima energi og miljø 2021 - 2030

Grøne Lærdal er visjonen for bygda som strekk seg frå Filefjell og Hemsedalsfjellet og ned til Sognefjorden. Det er dei frodige landbruksområda med dyrking av bær, frukt, grønsaker og potet, som mange tenkjer på. Dessutan Lærdalselvi, som er  livsnerva i dalen, og den vakre stavkyrkja på Borgund. No er visjonen og knytt til eit klart ynskje om å verte av dei beste til å gjennomføra Det grøne skiftet. Du kan lesa meir i kommunedelplan for klima, energi og miljø for Lærdal kommune 2021 - 2030 under:

Del 1, Statusrapport

Del 2, Plan

Del 3, Handlingsdel

Mål og innsatsområde

  • Klimagassutslepp: Dei direkte klimagassutsleppa i Lærdal kommune er halvert, og redusert med minst 10 000 tonn CO2e i 2030, samanlikna med utsleppa i 2018. I 2050 eit 0-utsleppssamfunn.
  • Klimatilpassing: Færre og mindre omfattande skader ved klimarelaterte hendingar.
  • Energi: Fossilfri, bærekraftig og sikker energiforsyning og energieffektiv produksjon og forbruk.
  • Miljø: Mangfaldig og artsrik natur, naturvenlege kulturlandskap og sundt miljø.

 

  • Klima- og miljøvennlege, energiefektive arbeidsplassar
  • Klima-, energi- og miljøvennleg kultur og næringsverksemd
  • Klima- energi og miljøvennleg arealbruk, bumiljø og bygg
  • Kompetanseutvikling omkring klima-, energi og miljø
  • Klima-, energi og miljøvedvetne Lærdaøler.
  • Lærdal, eit klimarobust og sikkert samfunn i eit endra klima.

Miljøleiing

Lærdal kommune har vald Miljøfyrtårn, hovudkontormodellen, i sitt system for miljøleiing.

https://www.miljofyrtarn.no

Klimagassutslepp

Klimagassutslepp i Lærdal, kilde: Miljødirektoratet:

https://www.miljodirektoratet.no/tjenester/klimagassutslipp-kommuner

Søke tilskot til klimatiltak?

Enova sine tilskotsordningar for private husholdningar:

https://www.enova.no/privat/

Enova sine tilskotsordningar for bedrifter:

https://www.enova.no/Bedrift/

Enova sine tilskotsordningar for sameige og boligbyggelag:

https://www.enova.no/privat/borettslag-og-sameier/

Årsrapport klima, energi og miljø

Årsrapport for 2021 vert publisert våren 2022