Gutar som leikeressurs

Gutar som leikeressurs_240x427

Per Inge Raa Hauge, Martin Bolstad, Dag Natvik, Andreas Mo, Taavi-Topias Henell og Anders Jerving er leikeressursar i Lærdalsøyri barnehage i veke 26 og 27.

 

Om prosjektet:

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har invitert til deltaking i prosjektet «Gutar som leikeressurs i barnehagen». Prosjektet starta sommaren 2014.

Prosjektet er ein del av rekrutteringsprosjektet ”Glød”, der målet er å få fleire mannlege barnehagelærarar til å jobbe i barnehagen. Prosjektet rettar seg mot gutar på ungdomstrinnet som skal få arbeidserfaring i barnehagar.

 

Lærdalsøyri barnehage deltok i prosjektet i 2017 og fekk ei positiv erfaring med dette. Både personalet, foreldra og ikkje minst borna gav uttrykk for at det var kjekt å ha så mange gutar med oss i kvardagen. Gutane som var hjå oss gav tilbakemelding på at det var kjekt å vere i barnehagen og annleis enn dei hadde tenkt. Lærdalsøyri barnehage har fått nye tilskotsmidlar frå Fylkesmannen og kan tilsetje seks gutar, veke 26 og 27 i sommarferien. Me samarbeidar med ungdomskulen på Lærdalsøyri og ynskjer å gi tilbod til gutar i niande og tiande klasse.

 

Arbeidstida er måndag-fredag, kl. 10.00-14.00. Gutane får løn for jobben.

 

Kva er ein leikeressurs:

Gutane kjem til barnehagen og er saman med borna på borna sine premissar. Dei vil delta i planlagde aktivitetar og som leikeressurs kan dei ta initiativ til aktivitetar sjølve og.

 

 

Tips en venn Skriv ut