Har du metallskrap du vil få fjerna frå eigedomen?

Bilde

Lærdal kommune og Simas har kome fram til ei god løysing for å samle inn metallskrap på eigedomar i Lærdal, i samband med ryddeaksjonen fram til 01. mai 2019:

I veke 14 (01. -05. april) vil Simas køyre rundt med eigen «skrap-bil» med containar og krane for å samle inn metallskrap i bygda.  Metallskrapet treng ikkje vera heilt reint for dekk og liknande, men SKAL vera tømd for bensin og olje.  Me oppfordrar gardbrukarar til å gå saman om felles samleplassar for skrap, slik at me får til effektiv oppsamling.  Containerbilen med krane treng litt god plass, så fint om samlingsplassane vert planlagd ut i frå dette. Det kan og vera aktuelt å setja ut nokre containarar som gardbrukarane kan fylle sjølve i løpet av veke 14.  Tilbodet er gratis. Meld inn behov for henting av metallskrap eller ynskje om felles plassering av container til monika.lysne@laerdal.kommune.no innan 25. mars 2019.  Har du spørsmål om ryddeaksjonen eller skrapoppsamlinga, ta gjerne kontakt med arealplanleggjar Monika Lysne, tlf. 90 51 66 86.

 

Skrapoppsamlinga er ein del av den store Ryddeaksjonen 2019, som skal gjennomførast innan 01. mai 2019.  Les meir om ryddeaksjonen her (trykk på linken).

 

Tips en venn Skriv ut