Heimetenester

TELEFONAR I HEIMETENESTA:

  • VAKTTELEFON:                                         95 81 95 90
  • Heimehjelp:                                                 45 87 83 86 / 45 87 83 85
  • Fagsjukepleiar                                             47 48 67 13     mail: marita.maseidvag@laerdal.kommune.no
  • Amb.vaktmeistar:                                         91 00 71 34
  • Koordinator for pleie og omsorgstenester:  97 11 55 49      mail: gudrun.sigurdardottir@laerdal.kommune.no
  • Einingsleiar:                                                 91 52 24 55      mail: hrafnhildur.yr.elvarsdottir@laerdal.kommune.no
  • Ass.einingsleiar                                           47 48 66 85     mail: monika.obara@laerdal.kommune.no

 

Heimetenestene i Lærdal Kommune består av heimesjukepleie, heimehjelp, ambulerande vaktmester, brukarstyrd personleg assistent (BPA), ambulerande vaktmester og syn- og hørselskontakt og ergoterapeut.

HEIMESJUKEPLEIE

Lærdal kommune skal syte for at personar som oppheld seg i kommunen vert tilbydd nødvendige helse- og omsorgstenester, jfr. Helse- og omsorgstenesteloven §3-1, §3-2 pkt 6 bokstav a.

Heimesjukepleie omfattar nødvendig helsehjelp som bidreg til å førebyggje vidare sjukdomsutvikling og funksjonssvikt, og/eller setje i stand til å leve med helsesvikt.

Det vert tilbydd nødvendig helsehjelp i heimen, samt informasjon, råd, hjelp og rettleiing.

Målet med tenesta

  • grunnleggande behov vert ivareteke ved kort- eller langvarig funksjonssvikt
  • bidra til at den enkelte kan klare seg sjølv i størst muleg grad, med nødvendig helsehjelp til heimen
  • bidra til at den som mottek hjelp etter kvart vert mest muleg sjøvhjelpen
  • behov for heildøgns butilbod førebyggjer ein ved at det vert tilrettelagt for at dei som kan, får bu i eigen heim så langt det er muleg og praktisk gjennomførbart

Kriterium/vilkår

  • vert tildelt personar som bur eller mellombels oppheld seg i Lærdal kommune og som grunna helsesvikt har behov for helsehjelp i heimen
  • all tildeling av tenester vert gjort på bakgrunn av kartlegging av funksjonssvikt (IPLOS), helsetilstand og etter individuell vurdering der brukarmedverknad vert vektlagt
  • heimesjukepleie er eit tilbod til personar som på grunn av sjukdom og/eller funksjonsnedsetting ikkje sjølve har høve til å oppsøkja helsehjelp
  • behov for tenesta vert vurdert fortløpande
  • lover og retningslinjer
  • helse- og omsorgstenestelova
  • pasient- og brukarrettigheitslova
  • forvaltningslova
  • helsepersonellova

Tenesta kan omfatta

  • oppfølging av medisinsk handsaming
  • hjelp til at grunnleggjande behov vert ivareteke
  • assistanse til lækjemiddelhandtering
  • omsut ved slutten til livet

Anna

  • Innbyggjarar som treng akutt medisinsk/kirurgisk/psykiatrisk handsaming skal bli tilvist legevakt
  • Det kan formidlast kontakt med frivillige, som eksempelvis frivillighetssentral ved behov for følgje til ulike tenester, t.d frisør, fotpleie, lege, opphald i helse- og omsorgssenter, spesialisthelsetenesta og andre ærend. Dette inngår ikkje i heimesjukepleie
  • alle som mottek heimesjukepleie i meir enn 3 månader har ret til fri tannlegebehandling ved offentleg tannklinikk

Kva kan du forvente av tenesteeininga og tenesteytar

  • alt personell har teieplikt
  • helsehjelpa vert utført av autorisert helsepersonell eller av andre under rettleiing av autorisert helsepersonell
  • tenesteytar har respekt for deg, livssituasjonen din og heimen din
  • alle tilsette skal legitimere seg
  • tenesteytar vil samhandle med deg ved utføring av teneste og brukarmedverknad vert vektlagd
  • vi yt tenesta slik dei kjem fram av i vedtak du har fått, innafor dei tidsråmene vi er samde om og med det innhald som er skildra
  • om det av uføresette grunnar ikkje kan utførast teneste som avtalt, informerer vi deg snarast

Annan informasjon

  • verdiane til kommunen; respekt, engasjement, heider og likeverd skal prege tenestene våre
  • det kan oppstå akutte situasjonar som medfører at oppdrag vert forskyvde. Ved vesentleg forskyving skal det meldast til tenestemottakar
  • brukar må respektera at tenesteytar ikkje kan ta imot pengebeløp eller større gåver
  • i tenesta arbeider både kvinner og menn. Om du ikkje vil ta i mot hjelp av ein av desse, risikerar du å ikkje få hjelp denne dagen. Det er ikkje muleg å tilrettelegge med enkelte kjønn, eller enkelt personar som ikkje kan inn i heimen din

Forventningar til deg som mottek tenesta

  • at du gjer deg kjend med innhaldet i vedtaket ditt om helsetenester i heimen
  • deltek aktivt i planlegging og vurdering av tenesta
  • gir melding til helse- og omsorgstenesta ved fråver som rører avtalte tidspunkt
  • det vert forventa at tenestemottakar utfører dei oppgåver han/ho kan klare sjølv
  • heimen din er og arbeidsplassen til tenesteutøvar når tenestemottakar mottek helsehjelp i eigen heim. Det vert forventa at det vert lagt til rette for eit godt arbeidsmiljø, slik at tenesteutøvar ikkje vert utsett for arbeid som medfører helserisiko, jfr. Arbeidsmiljølova. Herunder å akseptera naudsynt personleg utstyr og tekniske hjelpemiddel. Likeeins naudsynt tilrettelegging som eksempelvis ommøblering.
  • tenestemottakar syt for at veg er framkommeleg og trygg uansett årstid
  • lys ved utedør, slik at det er lett å finna fram
  • god hygiene er viktig for både tenestemottakar og tenesteytar. Flytande såpe go tørkepapir skal vere tilgjengeleg
  • respekt for vår teieplikt, og at vi ikkje kan diskutere andre brukarar
  • at du ikkje røykjer inne når dei tilsette er tilstades
  • at husdyr vert halde på eige rom når dei tilsette er tilstades

Rettleiande standard for tenesta "helsetenester i heimen"

jmf Helse- og omsorgstenestelova §3-2 pkt 6 bokstav a; personleg stell og omsut

  • bistand til å stå opp og leggja seg
  • at personleg hygiene vert ivareteke, herunder bistand til dusj og hårvask, heilvask, barbering og tannpuss
  • ordinær neglklypping (ytterlegare stell av negler/føter må ein få utført hjå fotpleiar)
  • hjelp med/opplæring i bruk av inkontinensutstyr, stomistell, kateterisering og stell av urinkateter

Kosthald

  • kartlegging og oppfølging i høve ernæringsmessig risiko
  • tilrettelegging/smøring av brødmat
  • matombringing

Tilsyn

  • tilsyn utan behov for praktisk gjeremål vert ikkje utført
  • det kan søkjast om tryggleiksalarm

Administrering av medikament

  • det vert nytta som hovudregel multidose frå apoteket (ferdigdoserte medikament)
  • assistanse til å få teke medikament i dei tilfelle der ein ikkje sjølv kan handtere dette direkte frå multidose eller dosett, døme der ein har svekka hukommelse/vurderingsevne eller anna betydeleg nedsett funksjonsevne av fysisk, psykisk eller sosial art
  • injeksjonar der det medfører stort besvær å koma seg til legekontor for å få sett desse

Sårbehandling

  • i dei tilfelle der det medfører stort besvær å koma seg til legekontor og det fins fagleg grunngjeving frå lege om at sårstell må utførast av helsepersonell

Prøvetaking og undersøkingar

  • kan utførast i dei tilfella der det medfører stort besvær å koma seg til døme laboratorium/legekontor

Omsut ved slutten av livet

  • det vert så langt det er muleg tilrettelagt slik at tenestemottakar som ynskjer det får døy i eigen heim, omgjeve av sine næraste

 

HEIMETENESTA

Heimehjelpstenesta (praktisk bistand) kan bistå med tilrettelegging og assistanse til praktiske gjeremål som husvask, vask av klede og hjelp til handling. Tenesta vert tildelt etter behov, og vert regelmessig vurdert dersom hjelpebehovet endrar seg. Målsetjinga er å leggje til rette slik at eldre og funksjonshemma skal kunne få bu heime så lenge som dei måtte ynskje det.

Du kan rekne med:

  • å bli møtt på ein venleg og respektfull måte
  • at saka di vert handsama etter gjeldande lover og forskrifter
  • at vi overheld teieplikta
  • at vi gjev infomasjon om tenestetilbodet og høve til å klage
  • at vi kan yte hjelp til å utforme søknadar og klage
  • at vi tek deg med på råd ved utforming av tenestetilbod og vurderer kva teneste som høver deg

Praktisk bistand som heimehjelp går inn under bistand til praktiske gjeremål i dagleglivet i heimen og i tilknytning til hushaldning og er lovpålagt teneste. Lovheimel er Helse- og omsorgstenestelova § 3-1, § 3-2 nr 6 bokstav b. Behovet for tenesta vert vurdert etter søknad. når det gjeld reinhald blir dette vurdert både individuelt og i høve til bustanden.

Tenesta kan om fatte

Reinhald vert utført etter vedtak berre i rom der tenestemottakar oppheld seg.

Reinhald av bustad:

  • vask av golv
  • støvsuging
  • vask av bad og toalett
  • tørke støv
  • oppvask berre etter tenestemottakar
  • sengetøyskift
  • vask av vindauge (dette vil då gå på bekostning av andre gjeremål)
  • vask av kjøleskåp (dette vil då gå på bekostning av andre gjeremål)

Andre tenester:

  • bestille matvarer frå butikk som fraktar varene heime til deg
  • tilrettelegging av måltider/varme middagar i mikrobølgjeomn
  • vask av klede og sengetøy (vaske klede i vaskemasking, henge opp/ta ned klede evt bruk av tørketrommel) Du kan og kjøpe teneste for vask av dine private klede i vaskeriet. NB! Kleda må vere namnemerka.

Generelt

Dersom staden ein skal yte bistand i er av slik art at det ikkje er gjort reint over lang tid, må ei hovudreingjering førast før heimehjelp vert sett inn. Tenestemottakar må sjølv betale hovudreingjeringa.

Utfrå at heimehjelparen berre skal gjere det som tenestemottakar ikkje greier, må tenestemottakar som er i stand til det rydde før heimehjelparen kjem. Det vert ikkje føreteke vasking eller rydding i kjellar og/eller loftsrom.

Tenestemottakar skal ha tilgjengeleg langkost, vaskebøtte, klutar, toalettbørste, vaskemiddel og støvsugar.

Der det bur fleire vil det ikkje bli føreteke reinhald i rom dei disponerar. Eksempel på dette kan vere dei rom born, ektefelle/sambuar eller pårørande bur i eller disponerar.

  • Golvvask - er vask av golv der det er muleg. Heimehjelparen flyttar lette møblar og rullar saman små matter og løparar. Det vert vaska under tyngre møblar som sofa, seng, skap og liknande. Heimehjelparen flyttar ikkje tyngre gjenstandar som komfyr, seksjon, kjøleskåp og liknande
  • Støvturking - av møblar, fjernsyn, bileter, lamper og vindaugskarm. Heimehjelparen turkar støv i høgde med det han/ho rekk ved å stå på golvet. Det vil ikkje bli turka støv av små pyntegjenstandar
  • Støvsuging - av golv, tepper, møblar. Heimehjelparen støvsyg under tyngre møblar som sofa, skåp og liknande. Tyngre møblar vert ikkje flytt på. Det vil ikkje bli føreteke rensing av tepper og møbler. For å kunne støvsuge bør det vere tilgjengeleg ergonomisk rett støvsugar med tilhøyrande utstyr
  • Vindaugsvask - vert kun utført unntaksvis. Dette vil då gå på bekostning av andre innvilga gjeremål. Vindaugsvask vil sei å vaska vengbare vindauger på begge sider. Vindauger som ikkje er vendbare vert kun vaska på innsida. Tenestemottakar som er i stand til det, må rydde vindaugskarmen fri for lause gjenstandar. Heimehjelparen må stå på golvet eller eit stødig underlag
  • Trappevask - vert ikkje utført på trapper utanfør bustaden. Heimehjelpa utfører ikkje tenestemottakar sin andel av fellesarbeid i burettslag og liknande
  • Sengetøyskift - inneber skift av alt tøy på tenestemottakar si seng. Det vil sei at ein ikkje byter på sengetøy som vert brukt av pårørande eller andre. I tillegg må reint sengetøy vere tilgjengeleg. Skift av sengetøy vert utført hovudsakleg kvar 4. veke.
  • Innkjøp av daglegvare -  inneber å hjelpe tenestemottakar å planlegge innkjøp. Bestilling av varer vert bringa vidare til Joker, som køyrer varene heim til deg (frakttillegg må påreknast)

Tenesta omfattar ikkje

  • hovedreingjering
  • stryke, eller rulle kle
  • lage middag
  • rensing, risting eller banking av tepper
  • hushaldningsoppgåver i samband med gjester eller heimebuande vaksne born
  • vask av fellesareal i burettslag og liknande
  • hagearbeid eller snørydding
  • vaktmeisterteneste
  • oppvask eller rydding etter gjester
  • pussing av sølv, kopar eller liknande
  • polering av møblar
  • utvendig vindaugspuss på ikkje-vendbare vindauger
  • følge til lege/tannlege etc
  • oppvarming av bustad, så som vedfyring eller påfylling av parafin eller pellets
  • frisørtenester
  • fotpleie

Føremål med praktisk bistad

  • motivere til eigenomsorg
  • tilrettelegge for at du skal kunne utføre dei oppgåvene du meistrar
  • førebygge og veilede
  • bistå deg som ikkje lenger meistrar alle dagleglivets gjeremål

Praktisk bistand - dagleg gjeremål og praktisk bistand - opplæring vert ofte kombinert.

Kriteriar/vilkår

  1. Du må sjølv ha søkt på tenesta. Dersom du ikkje sjølv er i stand til å søkje kan næraste pårørande, verge eller fullmektig søkje for deg
  2. Du som oppheld deg i Lærdal kommune, og som har behov for nødvendig helse- og omsorgstenester i høve til Pasient- og brukarrettigheitslova § 2-1 a.
  3. Du må ha nødvendig utstyr og legge forholda til rette både inne og ute for den som skal gi deg hjelp, jmf Arbeidsmiljølova § 4-4. Krav til det fysiske arbeidsmiljøet. § 4-4 (2) Arbeidsplassen skal innreiast og utformast slik at arbeidstakar unngår uheldig fysisk belastning. Nødvendig hjelpemiddel skal stillast til arbeidstakers disposisjon. Når den tilsette er hjå ein brukar blir brukaren sin heim den tilsette sin arbeidsplass.
  4. Tenesta vert kun utført når du er heime.

Pris for tensta

Tenesta har betalingsordning/eigenandel, dels månadsabonnement og timepris avhengig av inntekt. Inntekt inntil 2G (folketrygda sitt grunnbeløp) vert betalt fast minstesats som månadspris, inntekter frå 2G og oppover betalar ein stigande timespris. pris på minstesats vert justert av Stortinget, medan timepris vert justert av kommunestyret. Fritak for betaling gjeld kun ved avbestilling av tenesta både frå tenestemottakar og kommunen.

Samarbeidet mellom kommunen som tensteytar og brukar som tenestemottakar

Kommunen som tenesteytar:

  • tildeler tenesta i samråd med deg som brukar og eventuelt din næraste pårørande, verge eller fullmektig
  • fattar vedtak på bakgrunn av helsefaglege vurderingar og yter tenesta slik det kjem fram av vedtaket
  • endrar tenesta i samråd med deg, næraste pårørande, verge eller fullmektig
  • informerar og veileder i høve andre typer tenester
  • yter respekt for deg, din livssituasjon og din heim
  • overheld teieplikt
  • tek klagar på alvor og iverkset nødvendige tiltak
  • tek kontakt med deg dersom vi av uforutsette grunnar ikkje kan yte hjelp til avtalt tid
  • tenesteutøvar kan ikkje ta i mot pengebeløp eller gåver

Brukar som tenestemottakar:

  • Deltek aktivt i planlegging og vurdering av tenesta
  • ivaretek og utfører dei oppgåver som du meistrar frå eigne ressursar
  • viser respekt for tenesteytar
  • er inneforstått med at din heim og er tenesteutøvars arbeidsplass og det må tilretteleggast deretter
  • syt for at tilstrekkeleg utelys og nødvendig snørydding og sandstrøing, samt namneskilt ved inngangspartiet
  • gir mulegheit for handvask med utstyr som pumpesåpe og tørkerull
  • er forberedt på å ta i mot og installere nødvendige hjelpemidlar
  • er forberedt på at enkelte tilsette ikkje kan komme i kontakt med evt tobakksrøyk eller husdyr og tek førehandsreglar for dette
  • er forberedt på at tilsette kan forlate bustaden din dersom dei vert utsett for truslar eller vald
  • respekterer at tenesteytar ikkje kan ta i mot pengebeløp eller større gåver
  • gir beskjed når du reiser vekk eller av anna årsak ikkje kan motta tenesta til avtalt tid
  • er forberedt på at nøkkelboks må monterast dersom du ikkje kan låse opp sjølv
  • at du informerer personalet som kven som er din næraste pårørande (jmf Pasientrettigheitslova). Du må avklare kor mykje og kva slagt informasjon du ynskjer at personalet formidlar til næraste pårørande

Du eller dine næraste pårørande/verge/fullmektig må sjølv ta ansvar for alle dine økonomiske forhold.

Næraste pårørande

Pasientrettighetslova § 1-3 b definerer næraste pårørande som den person pasientet definerer som næraste pårørande. Dersom pasienten ikkje er i stand til å oppgi dette, vert det teke utgangspunkt i ein etter lova si rekkefølgje. Pasientrettighetslova §3-3 seier at næraste pårørande skal ha rett til informasjon om pasienten sin helsetilstand dersom pasienten samtykker i det. Viss pasienten ikkje kan samtykke eller openbart ikkje kan ivareta sine interesser, er det næraste pårørande som har rett til informasjonen. Ved fleire pårørande vil helsetenesta alltid forhalde seg i størst muleg utstrekning til den person som er utpeika som næraste pårørande.

Lover og retningslinjer

  • Helse- og omsorgstenestelova
  • Pasient- og forbrukarrettighetslova
  • Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstenesta
  • Forskrift om individuelle planar
  • Yrkesetiske retningslinjer
  • Forvaltningslova
  • Arbeidsmiljøløva

 

Søknad om pleie- og omsorgstenester.

 

 

 

 

Tips en venn Skriv ut