Helg & Kvardag

Helg & Kvardag er eit kyrkjelyds- og bygdeblad for Lærdal kommune. Ansvarlege utgjevarar er Lærdal kommune v/rådmannen og Kyrkja i Lærdal v/kyrkjeverja. Bladet har eit opplag på 1300, og kjem ut 6 gonger i året.

I bladet kan ein lesa nyhende og artiklar frå Lærdal, om arrangement som har vore, referat frå turar, annonsar, samt nyttig informasjon frå Lærdal kommune og Kyrkja i Lærdal.

Redaksjonen i Helg & Kvardag held til i Lærdal rådhus, og saman med våre redaksjonskontaktar arbeider me for å lage eit innhaldsrikt og fint blad. Me i redaksjonen har som mål å lage eit blad som er nyttig og interessant å lesa for alle.

Send oss gjerne tekst, bilete og annonsar som de vil ha med i bladet til helgogkvardag@laerdal.kommune.no

Abonnementprisar:
Innanbygds:     kr 200 (frivilleg)
Utanbygds:       kr 350 inkl porto

Lærdal 02.11.10
Redaksjonen

Renate Fossen         

Kontakt oss

  • Tenestestad

    • Servicesentralen
  • Adresse

    • Postboks 83
  • Postnr/sted

    • 6886 Lærdal
  • Telefon

    • 57 64 12 00
  • E-post

Web levert av CustomPublish AS