Helg & Kvardag

 

Helg & Kvardag er eit kyrkjelyds- og bygdeblad for Lærdal kommune. Ansvarlege utgjevarar er Lærdal kommune v.rådmannen og Kyrkja i Lærdal v.kyrkjeverja. Bladet har eit opplag på 1200, og kjem ut 5 gonger i året.

I bladet kan ein lesa nyhende og artiklar frå Lærdal, om arrangement som har vore, referat frå turar, annonsar, samt nyttig informasjon frå Lærdal kommune og Kyrkja i Lærdal.

Redaksjonen i Helg & Kvardag held til i Lærdal rådhus, og saman med våre redaksjonskontaktar arbeider me for å lage eit innhaldsrikt og fint blad. Me i redaksjonen har som mål å lage eit blad som er nyttig og interessant å lesa for alle.

Send oss gjerne tekst, bilete og annonsar som de vil ha med i bladet til helgogkvardag@laerdal.kommune.no

Abonnementprisar:
Innanbygds:     kr 290 (frivilleg)
Utanbygds:      kr 390 inkl porto


Redaksjonskontakt:. Jostein Avdem Fretland

Tips en venn Skriv ut