Om tenesta:
Tenesta er heimla i Lov om helseteneste i kommunane med føresegner, Lov om helsepersonell og lov om pasientrettar.
Tenesta tilbyr naudsynte legetenester til kommunen sine innbyggjarar etter føresegn om fastlegeordninga, og naudsynt helsehjelp til personar som oppheld seg i kommunen.
Disse kan få teneste etter fastlegeordninga:
Alle innbyggjarar som er registrert i Folkeregisteret, har rett til å få ein fastlege. Asylsøkjarar og familiane deira som er medlemer i folketrygda vert også omfatta av ordninga.
Det er friviljug å vere med i fastlegeordninga, men vel du å stå utanfor må du sjølv finne ein allmennlege som kan gje deg time.
Du har rett til å byte fastlege inntil 2 gonger i året, men då må det vere plass på lista til den legen du ynskjer å byte til. Dersom du ønskjer å byte fastlege, kan du kontakte Nav på TLF. 81059500 eller logge deg inn på www.minside.no
Legetenesta dekkjar og offentlege tenester for kommunen:
- Tilsynslege sjukeheim
- Helsestasjonslege
- Smittevern
- Medisinsk-fagleg rådgjeving internt i kommunen
- Rettleiing av turnuskandidat
- Miljøretta helsevern
- Legevakt
Legevakt:
Legevakta skal gje helsehjelp utanom kontortid ved akutt sjukdom og skade som ikkje kan vente til neste dag. Telefoner til legevakta blir handsama av vaktsentralen ved Lærdal sjukehus.
Lærdal kommune har vaktsamarbeid med Aurland kommune.
Legen har heimevakt og rykker ut til eige kontor, ulukkestad eller pasient når det er naudsynt.
LEGEVAKT: telefon 57 66 95 00 eller naudnummer 113
I kontortida er legevakta dekka av dei einskilde kontora.