Helsesenteret får timebestilling på nett

Lege

Frå og med 12.11.2018 kan du bestille legetime og fornye reseptane dine elektronisk hjå Lærdal Helsesenter. Dette gjer du enkelt ved å gå inn på besoklegen.no (følg linken under). Søk deretter fram Lærdal Helsesenter og registrer deg med mobilnummer og e-mail adresse. Du vil få fram din fastlege og oversikt over legens ledige timar tre månader fram i tid. Når det gjeld fornying av resept skriv du inn navnet på legemiddelet, styrke og dose. Du kan kun fornye faste medikament.

Me har i tillegg ei fane som heiter kontakt resepsjonen der ein kan ha meldingsutveksling med resepsjonen om til dømes betaling, attestar etc. 

Me er i oppstartfasen for dette og ber om forståing for eventuelle startproblem i byrjinga. Ta kontakt per telefon som tidlegare om de har problem med teneste som er nevnt over. 

Link til besøkslegen

Tips en venn Skriv ut