Hjort på sommarferie

Kart merka hjort

På seinvinter/vår i år, vart det merka 20 hjort med GPS-sender kring Nordfjella. I fjor vart det merka 10 hjort. Dei fleste har det godt og romsterer framleis hit og dit utan viten om skrantesjukespøkelset. Vinteren var spesielt tøff i Hallingdal, i Hol døydde to av dei tre dyra som vart merka i fjor. I Lærdal vart ei kolle skote under jakta. Kollene reknar me forresten med at kalvar omtrent i desse dagar. Det gir nytt liv til fjell og dalar! 

 

Merka bukk
Merka bukk

Det står nok att noko hjort i dalbotn endå, men dei fleste har kjøpt billett til sommarbeite. På Frønningen vart det merka 3 koller. Ei av desse er no i Erdal og ei har satt kursen via Vindedalen. Ei kolle som vart merka i Borgund i fjor, hadde sommarferie ved Beitostølen, men ville attende til Borgund for vinterferie. Dette her likte ho så godt at sommarferien på Beito gjentek seg no i sommar, ho er allereie framme. Slike regelmessige vandringar er heilt vanleg, dei vaksne dyra er vanedyr. For ei kolle merka i Naddvik i Årdal, gjekk det diverre ikkje like bra. Ho vandra bort til Leira i Valdres, men rakk ikkje heimatt før vinteren stengte fjellovergangen. Ho overvintra veldig lokalt ved Øye langs Vangsmjøsa. Spørsmålet er då om ho har gjort Valdresing av seg, eller om ho kjem att til Årdal til hausten. Elles har dei fleste berre reist litt oppover i dalen og oppover i høgda. Våren, sommaren og godt, grønt gras i lianen kom fort i år. Tida vil vise om dei skal gjera langtur denne sommaren. Det vert spanande å slå følgje med desse dyra framover!
Nye opplysningar om dei merka dyra vert lagt ut på facbooksida til «Hjortejakt i Lærdal» når det er større forandringar.
Gi gjerne melding om du ser dyra! Og skyt dei ikkje til hausten!

Felles Landbrukskontor ÅLA

Tips en venn Skriv ut