ID- kontroll for utanlandske arbeidstakarar tysdag 15.august kl 9-14

Moreller


Etter initiativ frå Lærdal Grønt kjem Skatt Vest til Lærdal for å utføra ID-kontroll i samband med søknad om skattekort for arbeidsgjevarar og deira utanlandske arbeidstakarar. Tidspunktet er sett til tysdag 15.august kl 9 - 14 på Lærdal rådhus, og er ope for alle tre kommunane.


Her finn de meir informasjon om kva som må ordnast før kontrollen og kva arbeidstakar må ha med seg på kontrolldagen.


NB! Denne kontrollen er kun for dei som ikkje har vore på ID-kontroll tidlegare.

Kva må gjerast før kontrollen;
 - Arbeidsgjevar sender fullt namn og fødselsdato på dei som skal kontrollerast til Skatteetaten innan 1.8.2017. til simen.longva@skatteetaten.no

Viktig å ha med seg ved frammøte;
-  Ferdig utfylt skjema RF-1209 ”Søknad om skattekort for utenlandsk borger” (må vera ferdig utfylt med blokkbokstavar eller på data)
-  Pass, ID-kort som viser bilete, nasjonalitet og kjønn. Original av godkjent id-dokument. Papirkopi av god kvalitet.
-  Original av arbeidskontrakt eller ordrebekreftelse/ bemanningselskap . Papirkopi av god kvalitet.
-  Arbeids-/ opphaldsløyve. Gjeld borgarar utanfor EØS.

EØS-borgarar som skal vera meir enn 3 månadar i Noreg skal ha registreringsbevis frå politiet. Borgarar frå andre land må ha opphaldsløyve. Det er arbeidsgjevar sitt ansvar å sjekke dette.

Dei som tidlegare er ID- kontrollert kan senda RF-1209 og kopi av arbeidsavtale per post til Skatteetaten.

Meir informasjon om dette finn de på Skatteetaten sine sider her.

Nytting informasjon til utanlandske arbeidstakar som skal jobba i Norge finn du her (norsk) og her (engelsk)

Tips en venn Skriv ut