Dagsturhytta

Dagsturhytta i Lærdal er plassert på Mjølkeflaten og har fått namnet Mjølkeflathytta. Frå hytta er det god utsikt over Lærdal, både mot Øyri og oppover til Ofta og Hauge.

Tilkomst og parkering: Ta av frå rv. 5 mot sentrum og ta av til Lærdal Grønt. Her vi du finne ein opparbeidd parkeringsplass for dagsturhytta. Gå gangvegen vidare under brua og følg vegen over brua for å finne stistart.

Stien til hytta: Turen til Mjølkeflathytta er ein lett tur i fjellsida på nordsida av Lærdalsøyri. Stien er fin og godt merka. Rett før tunnellopninga til Fodnestunellen er det ei grind og det er merka sti til Mjølkeflathytta. Nokre svaberg er sikra med tau og trapper, spesielt mynta på vinterturar. 

Det er også mogleg å gå frå Stødno. Då tar du av til Lærdal sjukehus og tar av til Stødnavegen. Frå garden Stødno er det merka sti til Hedler og Mjølkeflathytta. Stien starta går på nordsida av Lærdalselva.  

Avstandar: Turen frå tunnellopninga tar ca. 30 minutter og er på omtrent 1 km. Hytta ligg på 95 moh. Turen frå Stødno er 2,3 km. 

Jakt og fiske

Det er opna for jakt på hjort, elg, rådyr og rein i Lærdal. Kommunen har ansvaret for forvaltninga av rådyr, hjort og elg. Før ein kan gå på jakt på desse tre viltartane må kommunen først godkjenne det aktuelle området som eit jaktvald. Søk i Hjorteviltregisteret etter jaktvald, fellingsresultat m.m.

For å jakte småvilt må ein ha grunneigarrett eller løyve frå grunneigar.

For å gå på jakt må du vera fylt 16 år og ha godkjent jegerprøve eller vere registrert i Jegerregisteret. Personar som er fast busett i utlandet treng ikkje ta jegerprøva dersom dei kan dokumentere at dei fyller vilkåra for å drive tilsvarande jakt i landet dei bur.

Kjøp jakt- og fiskekort