|
Positiv nedgang i sjukefråværet i Lærdal kommune |
|
torsdag 29. juli 2010 13:56 |
|
Sjukefråværet har gått ned frå 8,5% i 2009 til 6,2% første halvår i 2010. Nedgangen utgjer 27% og er svært gledeleg. Legemeldt fråvær var i siste kvartal 2009 på 9,1% og er i første kvartal 2010 på 6,8%. Tal for legemeldt fråvær for andre kvartal er ikkje kjende enno. |
|
Morsmålslærarar skuleåret 2010/2011 |
|
torsdag 29. juli 2010 13:25 |
|
Lærdalsøyri skule treng morsmålslærar i følgjande språk: polsk, latvisk, russisk, finsk og islandsk. Kontak tenesteleiar Eva Hage Solstad 57641325/91597193 |
|
Pressemelding vedk forlik i barnehagesaka |
|
tirsdag 27. juli 2010 12:06 |
|
Rådmannen har i dag sendt ut ei pressemelding der forliksavtalane i barnehagesaka vert gjort offentlege. Dette i og med at partane no har friteke kommunen frå teieplikta som går fram av avtalane. Det går her fram at forliket har ein kostnad for kommunen på kr 1,9 mill kroner, fordelt slik: Fretland Bygg AS kr 800.000 kroner, arkitektkontoret Erling Haugen AS kr 250.000 og Gravdal Bygg AS kr 850.000. |
|
Konstituert tenesteleiar i Pleie og omsorg |
|
torsdag 22. juli 2010 14:48 |
|
Tenesteleiar Erik Eichner har sagt opp stillinga si, og rådmannen har konstituert Gudrun Sigurdardottir som tenesteleiar fram til og med 31.03.2011. |
|
Gratis etablerarkurs for årdøler, lærdøler og aurlendingar |
|
tirsdag 20. juli 2010 06:50 |
|
Årdal vidaregåande skule og Årdal Utvikling inviterar til etablerarkurs, og ynskjer alle som sit med gode idear velkomne. Etablerarkurset er todelt og du vil få meir informasjon om programmet dersom du tek kontakt med Årdal Utvikling på telefonnummer 57661177.
|
|
Ekstraordinært kommunestyre 15.07.2010 |
|
fredag 16. juli 2010 07:28 |
|
I sak 048/10, Forliksavtale med Fretland Bygg AS, vedtok Lærdal kommunestyre rådmannen si tilråding med 14 mot tre røyster. Likeeins vart vedtaket i sak 049/10, forliksavtale med Gravdal Bygg AS, i tråd med rådmannen si tilråding. Og så her med 14 mot tre røyster.
I sak 050/10, Etablering av frivilligsentral i Lærdal, vart framlegget til vedtekter vedtekne slik dei låg føre. Ordførar Arne Sanden vart vald til den kommunale representanten i styret for frivilligsentralen, med Olaug Skjerdal som sin personlege vararepresentant. |
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>
|
|
Side 1 av 48 |