|
Brannsikring av verneområdet på Lærdalsøyri |
|
torsdag 09. september 2010 10:13 |
|
Arbeidet med brannsikring av verneområdet på Lærdalsøyri held fram.
Alarmanlegg med detektorar i alle bygningarne er utført med varsling til brannvernet.Varsling direkte til 110 vil skje etter at prøveperioden med testing og gjennomgang av anlegget er fullstendig. Huseigarar får melding når anlegget blir kopla direkte til 110. Det har i testperioden vore nokre unødige alarmar som har kopla inn alle detektorane i området. Dette er noko som kan skje i testperioden. Lærdal brannvern beklagar dette.
Det er no montert to vatnpostar i nedre delen av verneområdet. Ein i Kvammegården og ein på Løytnantsbryggja. Det skal tilsaman monterast 5 til 6 vatnpostar i verneområdet.
Arbeidet med sprinklar og vatntåkeanlegg i verneområdet er i full gang. Det har vore anbodskonkurranse på arbeidet, og ingeniørfirma Tore Eide AS frå Bergen har fått jobben. Prioriteringsrekkefølgja i sprinkelarbeidet startar med fullsprinkling av Kvammes som nr 1, deretter Løytnantsbryggja, "butikkane", Kulturbanken og freda bygningar. Sprinkling av Kvammes tek til i løpet av september 2010.
Arbeidsgruppa |
|
torsdag 09. september 2010 08:34 |
|
Pressemelding frå Lærdal alders og sjukeheim.
Lærdal alders og sjukeheim er no MRSA fri.
MRSA er forkortelse for meticillinresistente Staphylococcus aureus og er gule stafylokokkar som er motstandsdyktige (resistens) mot dei vanlegast brukte antibiotika (Penicillinar). Dei kan og vere motstandsdyktige mot andre typar antibiotika. Gule Stafylokokkar er ein bakterie som i seg sjølv ikkje er farleg, den finnes i normalfloraen og er vanleg å finne på menneske. Den kan infisere operasjonssår eller liknande og kan gje alvorleg sjukdom hos svekka personer. Dei fleste av oss kjem i kontakt med den i løpet av livet. Dersom MRSA blir vanleg på helseinstitusjonar kan behandlinga av stafylokokkinfeksjonar bli mindre effektiv og betydeleg dyrare. Auka førekomst av MRSA vil tvinge frem ei endring i bruken av antibiotika. Ei endring som ytterligare kan auke førekomsten av resistens hjå bakteriar, både hjå gule stafylokokkar og andre typar bakteriar. Dette er grunnen til at me har eigne tiltak mot spreiing av MRSA på helseinstitusjonar i Noreg.
Lærdal alders og sjukeheim har i lengre tid gjennomførd eit strengt smitte og saneringsregime ved dei råka avdelingane. Siste prøvetaking viser at institusjonen no er smittefri ved at ingen ansatte eller beburarar er bærar av MRSA. Dette er bekrefta ved naudsynte kontrollprøvar. Institusjonen vil ha nokre restriksjonar fram til August 2011. Dette gjeld fyst og fremst bebuara som som skal ha kirurgisk behandling ved sjukehus. Dei må dokumenterast smittefrie før innlegging.
Sjukeheimen har no normal drift og tidlegare inntaksrestriksjonar er no opphøyrd.
Me vil og nytte høve til å takke hygienesjukepleier og mikrobiologisk avdeling i Helse Førde for godt samarbeid i saneringsarbeidet.
Helsing
Pleie omsorgsleiar og smittevernlege i Lærdal.
|
|
TV - aksjonen flyktninghjelpen 2010 |
|
onsdag 08. september 2010 09:17 |
|
Me treng bøssebærarar til TV - aksjonen 2010 som går 24.oktober. Flyktninghjelpen har fått TV - aksjonen for 5. gong, og tema i år er "PÅ FLUKT FRÅ KRIG".
Meld deg som bøssebærar på telefon 57 64 12 00.
Komiteen. |
|
Kunngjering reguleringsvedtak |
|
fredag 03. september 2010 08:54 |
|
Formannskapet vedtok i møte 31.08.10 at framlegg til Reguleringsendring parkeringsareal Håbakken skal leggjast ut til offentleg ettersyn og høyring
|
|
Les meir …
|
|
onsdag 01. september 2010 11:42 |
|
Teknisk drift melder at arbeidet med den etterlengta gangbrua på Grandane no er i gang.
Helsing Alf Magne
tenesteleiar teknisk drift |
|
Opprydding og sal av brukte bøker på Lærdal folkebibliotek |
|
onsdag 01. september 2010 10:01 |
|
Me har hatt storopprydning på biblioteket, og har pga. plassmangel måtte kassera ein god del eldre bøker. Desse bøkene vert lagt ut for salg til kr. 10,- pr. bok. Førebels er barne- og ungdomsbøkene klare for sal, men også ein del skjønnlitterære bøker for vaksne. Me vonar at leselystne lærdøler tek seg ein tur innom biblioteket for å sjå om me har noko interessant. Kanskje kan du finna ein "skatt"?
Minner om opningstidene: måndag og onsdag kl.15.00-19.00, tysdag og torsdag kl 12.00-16.00.
Helsing Ine og Ingrid Kristina. |
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>
|
|
Side 1 av 50 |