Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Kommunenr. 1422
Opningstider 08:00 - 15:45 (sommartid 08:00 - 15:00)
Lærdal kommune ynskjer å oppmuntre til vidareutvikling av eksisterande bedrifter og til nyetableringar. Kommunen har eit aktivt næringsapparat, eige næringsfond, og eit breitt nettverk både lokalt, regionalt og nasjonalt.
I dette ligg og utviklande relasjonar med næringslivet generelt, med til dømes Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen og ulike departement.
For utanbygds interesserte vil me presisere at austfrå er Lærdal porten til Indre Sogn, ligg sentralt til i regionen, det er enkelt å ha samhandling med omverda her frå. Me har til ei kvar tid attraktive næringsareal.
Til dykk alle; nøl ikkje med å ta kontakt for ein avklarande dialog.
For meir informasjon ta kontakt med Lærdal kommune sin kontaktperson for næringslivet.
Publisert: fredag 21. januar 2011, 12:57
Oppdatert: mandag 18. juni 2012, 11:53
